Åbøbyen

1. desember 1914 gav Stortinget kraftselskapet A/S Saudefaldene konsesjon til å byggje ut kraftressursane i Sauda. Samstundes fekk det amerikanske storkonsernet Union Carbide ved sitt dotterselskap Electric Furnace Products Company Limited (EFP) lov til å byggja eit smelteverk i Sauda.

I vilkåra som Stortinget sette, heiter det mellom anna at EFP var forplikta å:

«skaffe arbeiderne sundt og forsvarlig husrum, tomter til bygning av egne hjem med veier, vand, kloak og elektrisk lysanlæg samt grund til forsamlingslokale, til lokale for kooperativ eller anden handelsvirksomhed og lignende»

EFP kjøpte grunn på garden Åbø og laga ein byplan for området. Frå 1916 og fram til 1960-talet vart det bygd 117 hus med til saman 279 leilegheiter for arbeidarar og funksjonærar ved EFP. På det meste budde det over 1000 menneske i Åbøbyen.

Fabrikken blei bygd på Klubben. EFP Co Ltd. fekk i gong produksjon på fabrikken 13. juni 1923. Dei store bygningane midt i biletet er omnshusa. Pakkeriet lengst til venstre. Klubben, den flate moen ned mot sjøen på sørsida av Storelva, var husmannsplass under Søndenå. Det var dette området A/S Saudefaldene i 1913 kjøpte til industriføremål.

Dei første husa var teikna av amerikanske arkitektar. Seinare kom kjende og dyktige norske arkitektar til, som Ole Landmark, Torgeir Alvsaker, Gustav Helland og Endre Årreberg.

Åbøbyen var planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er ”paradegata” mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.

Det var dei beste arkitektane som vart engasjerte for å teikne husa. Det vart lagt stor vekt på å forma gateløp, hagar og parkar slik at det skulle blei ein heilskap rundt ein bygningsmasse som – trass det store omfanget – hadde ei detaljering og ein materialbruk som ga stor variasjonsrikdom. Her er nedre del av Wergelandsveien med leilegheiter i 4- og 8-mannsbustader.


Yankee Dollar

Det var dollar og amerikansk kapital som finansierte utbygginga i Sauda. Arthur Svendsbråten har skildra dette i visa ”Yankee Dollar”:

Uncle Sam fekk konsesjon,
bladde opp some Yankee dollar.
I Sauda blei det revolusjon:
Bygda fløyt av Yankee dollar

Fotballplass og sjukehus
casha ut med Yankee dollar.
Boligar te` kvar ein bus
thanks to all them Yankee dollar

Yankee doodeli Yankee da
Yankee style og Yankee dollar
Is it more that you will ha?
Ring te` oss i Amerika!

Åbøbyen blei ein drøm,
brusha opp med Yankee dollar.
Vann, kloakk og billig strøm,
dra i snora med Yankee dollar

Parkanlegg og tennis court,
God bless all them Yankee dollar,
for Uncle Sam`s a real good sport
for oss med Yankee dollar

Yankee doodeli Yankee da
Yankee style og Yankee dollar
Is it more that you will ha?
Ring te` oss i Amerika!

Storskjærplanen låg der brakk;
veien trengte Yankee dollar
Men Uncle Sam var ikkje blakk,
sendte over Yankee dollar.

Dollarveien blei han kalt,
stein og grus og Yankee dollar.
Union Carbide fikse alt,
things go better with Yankee dollar!


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: