I 2019 feirar Sauda sogelag 40-årsjubileum. I den samanheng ønskjer laget å gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Noko vil vera i form av arrangement, men me ønskjer òg å gi noko meir konkret: Nemleg ei turløype med skilt rundt i Åbøbyen.
Sogelaget har mest alle desse førti åra hatt eit sterkt engasjement i Åbøbyen. Det tok til på starten av 1980-talet då fabrikken selde ut eigedomane sine i Åbøbyen og det var eit ope spørsmål kva som skulle skje vidare. Sogelaget var då pådrivar for vern av Åbøbyen. Takka vera sogelaget, i samarbeid med kommunen og Ryfylkemuseet, vart det utarbeidd ein verneplan for området. Slik sett er skilting av dette viktige kulturmiljøet ei fin markering av eit mangeårig engasjement.
Eg trur det er mange i Sauda som er stolte av Åbøbyen, og den blir ofte snakka om. Skiltinga vil heve heile Åbøbyen, og eg trur det blir enklare for endå fleire å bli meir interesserte og få kunnskap om Åbøbyen og kva som har skjedd her.
– Jan Ringstrand

Skiltet ved Sauda Klubb
Skilta er laga av:
Med støtte frå:
Prosjektmedarbeidar: Kirsten Hellerdal Fosstveit
Skiltprodusent: Arkeoplan
Grafisk design: Ivar Oftedal
Avisa Ryfylke skreiv om skiltprosjektet i april 2018. Les saka her: