Det var i 1971 at ungguten Per Ole Hagen drog ut fjorden på «vei til bok og lesesaler». Han ville til hovudstaden for å studere. Kva studerte han? Korleis gjekk det med guten frå Åbøbyen då han endeleg måtte ut i arbeidslivet? Og kva styrar han med no, han er vel pensjonist, skulle vi tru når vi tel år og reknar tilbake.

Desse og enda fleire spørsmål vil vi heilt sikkert få svar på tysdag når Sauda sogelag inviterer til det årevisse møtet i serien «Kor vart dei av?»
Litt kan vi alt no røpe, for den lokale rockemusikaren frå 1960-talet, Per Ole, tok musikkgleda og musikkinteressa med seg ut i livet. Og musikken har kome til å prege heile yrkeslivet hans seinare, seier han no.
Så får vi også håpe på at vi også får eit lite lokalt rockenostalgisk tilbakeblikk frå tida då han var med i banda Trade Marc Inc, Weal og Memories. Det er band som den no godt vaksne saudagenerasjonen vil minnast med glede.
Så er det som vanleg på møta våre sett av tid til drøs, sogelagsmat og allsong før den siste bolken. Då vil skriftstyraren presentere årsskriftet, den 46. årgangen. Og før de går heim, kan dei som vil få kjøpe den heilt trykkeriferske boka. Og gløym ikkje – billettane må de kjøpe på førehand, anten på biblioteket eller saudakultur.no
Ver velkomne til sogelagsmøte i Folkets Hus, Store sal.
– Roar Lund
- Dato: Tysdag 17. november 2026
- Tidspunkt: kl 19:00
- Stad: Folkets Hus, Storesalen
- Sogelagsmat. Entre: 150 kr. Billettsal på biblioteket og på saudakultur.no


