Stipend

Retningsliner for støtte til skriving av lokalhistoriske bøker

  1. Sauda sogelag opprettar ei støtteordning for dei som vil skrive og gje ut lokalhistorisk litteratur i bokform med tema frå Sauda.
  2. Forfattarane kan søke Sauda sogelag om økonomisk støtte inntil 10 000 kr. Ved søknaden skal det liggje ein økonomisk oversikt for prosjektet.
  3. Sogelagsstyret behandlar søknaden og avgjer kor mykje pengar som blir gitt. Skriftstyraren er med på behandlinga av søknaden.
  4. Pengane takast frå overskotet til årsskriftet.
  5. Retningslinene gjelder frå 2017.

Vedteke på årsmøtet i Sauda sogelag 13.02.2018


For nærare opplysningar om støtteordninga, ta kontakt med skriftstyraren i Årbok for Sauda sogelag Roar Lund.