Historikk

Sauda sogelag blei stifta i 1979, og er slik mellom dei nyare laga i Sauda.

Bakgrunnen for stiftinga av sogelaget var eit historiearbeid som føregjekk i to nemnder i kommunen: Ei kulturminnenemnd og ei bygdesogenemnd. I arbeidet i desse nemndene såg ein etter kvart at bygdesoga ikkje kunne ha med alt. Det var emne og historiar som kunne folk kunne ha interesse av, sjølv om dei ikkje fekk plass i bygdesoga. Slik vart tanken om å skipa eit sogelag fødd, og våren 1978 tok kulturminnenemnda initiativ til dette. Ein invitasjon underskriven av Aslaug Astad, Arnulf Honerød og Lars Viland baud inn til eit skipingsmøte og 31. januar 1979 var Sauda Sogelag eit faktum.

Vedtektene stod på trykk i det første årsskriftet.

Lars Viland vart valt til leiar og stod som den drivande krafta i laget gjennom 25 år. Alt same året – 1979 – inviterte sogelaget til vandring på gjengrodde stiar, eit tiltak som med suksess vart tatt opp att til ulike stader i åra som fylgde.

I 1981 gav sogelaget ut sitt første årsskrift, og med eitt unntak har dette kome ut kvart år seinare med eit innhald for ein kvar smak som på ein ypperleg måte avspeglar det mangfaldige Sauda, både tidsmessig og emnemessig.

Sogelaget var òg pådrivar for vern av Åbøbyen, då dette temaet blei aktuelt på 1980-talet. Då selde fabrikken ut sine eigedomar i Åbøbyen, og det var eit ope spørsmål kva som skulle skje vidare. Takk vera sogelaget, i samarbeid med kommunen og Ryfylkemuseet, vart det utarbeidd ein verneplan for området.

 

Logoen til sogelagetrose-sogelaget

Inspirasjonen til logoen til sogelaget er henta frå ein av dei mest særprega bygningane i Sauda: Kraftstasjonen Sauda III. Øvst oppunder tempelgavlen i kvar ende av bygget finn ein att dette motivet – eit stilisert rosevindauge i art deco-stil.

 

foto-2-vasskrafta-no

Kraftstasjon Sauda III

Kraftstasjonen Sauda III har vore ein viktig bygning for sogelaget på fleire måtar. Etter stasjonen vart sett ut av drift har sogelaget mellom anna arrangert litteraturhelg her, og elles hatt guida visningar i bygget. Nå er det planar om at Sauda Lokalarkiv skal inn i den gamle kraftstasjonen.