Skriftstyret er gjort merksam på feil i 2021-utgåva av årsskriftet. Dette seier skriftstyret seg lei for og ønskjer å få retta opp feila her. Rettingane blir også publisert i årsskriftet for 2022.
Kroppsarbeidets pris

Kjartan Fløgstad sin artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag 2021, «Kroppsarbeidets pris» blei skrive på bestilling til «= OSLO, Juleboka 2020». Skriftet heitte «Godt jobba. Fortellinger om arbeid».
Diverre er ikkje dette nemnt i årsskriftet vårt. Forfattaren hadde tillate oss å bruke artikkelen, men vi hadde ikkje kontakta redaktøren i «= Oslo, Juleboka 2020», Erlend Paxal for å få løyve til å trykke han. Dette seier skriftstyret seg lei for.
Vi har i ettertid vore i kontakt med Paxal og bede om unnskyldning for regelbrotet. Det har han akseptert.
Bilete side 108
I biletteksten skriv vi at forfattaren Kjartan Fløgstad ikkje kunne vere med på slike bilete, sidan han berre var sommarvikar. I ettertid har smelteverksveteranen Jan Ringstrand gjort skriftstyraren merksam på at Fløgstad arbeidde på smelteverket i fleire lengre periodar i 1960-åra. Dette går også fram av artikkelen «Kroppsarbeidets pris». Mellom anna skildrar Kjartan Fløgstad der opp-levinga og minna frå då han var på ettermiddagsskift 22. november 1963 og ein av arbeidskameratane kunne fortelje at John. F. Kennedy var skoten og drepen i Dallas i Texas.

Elles er diverre fleire av namna på biletet feil eller manglar fornamn. No var det ikkje uvanleg at ein då biletet blei tatt, berre brukte etternamna, sjølv på arbeidskameratar. Difor kan informantane vi har kontakta, ikkje hugse alle fornamna no, seksti år seinare.
Første rekke frå venstre: Eikeland (ikkje Eikanger), Roar Torvanger, Kolbjørn Kopperud, Jan Ringstrand, Kjell Handeland, Jakob Solland, Alf Johanson, Ritland (ikkje Ripland), ATV Jakobsen og Jon Ness. Andre rekke: Kåre Åbø, Leif Rydningen, Egil Tveitane, Odd Wiik, Jakob Mæland, Teddy Seim, Bjarne Mong, Enok Thommassen, Steinar Sahr, Luis Pettersen, Konstantin Gamst, Austad. 3. rekke: Einar Døskeland, Arne Roness, Ingvald Paulsen, Kopperud, Toralf Solheim, Herheim, Anton Njærheim, Ingve Ritland (ikkje Ripland), Karsten Bergby, Robert Dyre, Bjarne Fjellstad, Adolf Pettersen. Foto: Sauda Lokalarkiv.
Då nazistane kuppa Sauda sanitetsforening

Bilete side 36
Utsnitt av bilete. I midten sit fru Sveen (ikkje fru Blegen). Kring henne sit Reidar Ljung, fru Ljung, fru Sommerhaug og fru Årebrot.
Teater er gøy

Bilete på side 92
På biletet av dei unge skodespelarane var det feil namn på ei av jentene. Rett namn på personane på biletet er (frå venstre): Anne Lill Espevik, Cecilie Rafdal, instruk-tør Arild Stendal, Hege Fristad, Karin Pleym og Gro Melstveit. Bak Odd Terje Olsen.