Foto
Her finn du fotosamlingar – sortert tematisk.
Denne CD-plata inneheld ca 2000 bilete som viser utviklinga av Saudasamfunnet dei siste hundre åra. Du finn også 500 sider med kommentarar til bileta.
Me nøler ikkje med å kalla biletsamlinga for ein kulturskatt. Arbeidet med å samla og redigera bileta er gjort av John Ness, og er resultatet av ti års arbeid.
Sauda lokalarkiv har bidratt med bilete som viser oppbygginga og utviklinga av fabrikken og AS Saudefaldene. Mange av desse eineståande bileta er tekne av fotografen Olafr Jakobsson. Bileta frå Nordag-anlegget i Saudasjøen har me fått bruka av kulturkontoret. I tillegg har mange privatpersonar stilt sine bilete til disposisjon. Takk til dykk alle!
Bileta kan ikkje brukast utan løyve frå eigaren. Skulle nokre bilete vera interessante, formidlar me det gjerne til eigar.
Me håpar du får både glede og kunnskap av denne samlinga.
Helsing
Sauda sogelag og Sauda lokalarkiv