Om

Prosjektet vart sett i gang krigsminneåret 2015. Foreininga for krigens kulturminne i Sauda vart skipa same år med dette formålet:

Å retta fokus mot kulturminne frå andre verdskrigen i Sauda gjennom registrering, dokumentering og synleggjering/formidling av desse til ålmenta. 

Å gjera tilgjengeleg informasjon på nett og gjennom turløypa ein lekk i dette arbeidet.

Takk til Sparebankestiftelsen Sauda, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren for støtte til prosjektet.

 


Gjer krigsminna synlege!

Mange av dei fysiske spora frå andre verdskrig er forsvunne, eller er i ferd med å forsvinna. Det gjer det desto viktigare å ta vare på dei krigsminna me har att.

Instagram

Ta bilete av krigsminna du finn, og merk dei gjerne med staden og med emneknaggane #krigsminne #nordag #andreverdenskrig

Kulturminnesøk

Du kan òg registrera krigsminna i databasen Kulturminnesøk. Den er åpen for bruk av alle, og der kan du bidra ved å leggja inn kulturminne i kartet med ein liten tekst og bilete til. Du kan òg leggja til kommentarar og bilete til kulturminne som allereie er registrert.