I kulturminneplanen for Sauda rissar Roy Høibo opp historia om Øyra. Les utdraget under.
«To convert a typical farming community into an industrial town is not expected done overnight, but the central part began to assume the appearance of a business section surprisingly soon», skriv A. S. Danielsen i sitt historiske oversyn over framveksten av Sauda som industristad.[1] Det var noen butikkar frå før. Desse blei raskt utvida og moderniserte da eigarane såg at marknaden voks. Nye forretningar kom til, og staden blei verkeleg konstituert som ein moderne stad da det nye rådhuset var ferdig i 1940.
Frå bygdeby til industristad
Fram til slutten av 1700-talet måtte Saudabuen til Sand eller Jelsa eller enda lenger når dei skulle på handel. Men så kom det i gang handel og gjestgjevarverksemd i Saudasjøen, og det var her det første bygdesenteret utvikla seg. Det ser ut som det var «Lov om Udvidelse af Handelsfriheden paa Landet» frå 1860 som fekk fart i handelsnæringa i Sauda. Ut på 1860-talet er det fleire som kallar seg handelsmenn i Sauda, og nå er det Fløgstadøyrå og Vangsnes som seglar opp som handelssentrum i bygda. Flytting av kyrkja var og med på å konstituere det nye senteret. Tyngdepunktet i bygda tok til å flytta seg.[2]
Behov for regulering
I 1916 var det behov for ein reguleringsplan for Øyrå, men det viste seg at det første forsøket ikkje var særleg tenleg. Ny reguleringsplan blei utarbeidd i 1928, og denne kom i større grad til å legge premissane for den vidare utvikling av sentrumsområdet. «Den vesle spiren til ein bygdeby som fanst på Øyrå i siste helvta av 1800-talet, fann god grobotn i anleggstida og voks seg ut i full blomst i dei næraste tiåra etter at omnane på fabrikken var komne i drift», skriv Arnvid Lillehammer i bygdesoga.[3] Lillehammer peikar på at behovet for eit eige namn på bygdebyen var oppe til drøfting i 1925, men det blei ikkje noe resultat av drøftinga, og folk har brukt både Øyrå, «på byen» og «i sentrum».
Byggjeboom
Utover på 30-talet kom det fast dekke på noen av gatene, og gatelys somme stader. Det blei sett ned nemnder for å setta namn på gatene. I sentrumsnære område voks det fram nye bustadfelt på Sønnå og Engja, og på Fløgstad, i Kalhagen, på Neset og på Saunes. Det var fleire titals hus som blei sette opp på Øyrå og ikringliggande område på slutten av 1920- og utetter på 1930-talet. Vinteren 1931 blei det rekna opp seksti kjøpmenn og forretningsdrivande i Sauda, langt dei fleste på Øyrå. Og det var bustadar, hotell, spesialforretningar, skomakarar, bakeri, bokhandel, kino, post og telegraf.
Mange kafear
Ikkje minst var det kafear. Torgeir Vetti har skrive ein artikkel i årsskriftet til sogelaget der han gjer greie for ikkje mindre enn 20 kafear, pluss «andre pensjonat og kafear».[4] Tone Årtun følgjer opp i same årsskriftet med omtale av fire kafear i Hellandsbygd og på Minnehaugen.[5] Ingen av dei reflekterer over kva som kunne vera grunnlaget for det store kafetilbodet, men Arnvid Lillehammer peikar på at det var mange einslege mellom dei nye arbeidarane, dessutan var det mange arbeidsledige i mellomkrigstida. Kafeane var ein møtestad for desse, og eit næringsgrunnlag for andre, sjølv om ein vel kan tenkje seg at næringsgrunnlaget kunne bli noe magert om ein satsa på dei arbeidsledige.
Hotell
Det var Ytrabygdå, Saudasjøen, som hadde hotella. Det var der turistane flokka seg. Da industrien kom med nye behov for å leige seg rom, var det frå først berre rom i privathus som var å få. Men i 1915 kom Sandbuen Christian Bakke til Sauda med god kunnskap om drift av hotell. Han kjøpte materialane etter Sellands hotell på Nesflaten, som allereie hadde vore flytta ein gong, fekk dei frakta til Sauda, og var ferdig til å kunne invitere gjester sommaren 1916. Nesten samtidig kjøpte Albert Jensen det tidlegare sanatoriet i Saudasjøen og sette det opp att som Saude Hotell litt lenger opp i Rådhusgata. Dette blei seinare Sauda Hospits. Bakke bygde enda eit hotell i Brugata, Christian Bakkes Hotel. Dette blei i 1921 seld til Samorganisasjonen, og blei det første Folkets Hus i Sauda. Det yngste av hotella på Øyra er Kløver Hotel som blei bygt i 1980 på tomta etter meieriet som brann i 1977.[6]
Vi ser at det på ganske stutt tid voks fram ein stor bygningsmasse på Øyra, og som etter kvart dekka alle dei funksjonane som det var behov for i ein aktiv og vital industristad. Mange av bygga står ennå i dag, men berre eit lite fåtal er registrerte i oversyn over verneverdige bygningar da dei aller fleste er bygde etter 1900. For Sauda er dei likevel sjølve historia, og det er, som vi viste ovanfor, eit veksande medvit om at bygningsarven er ei viktig kjelde til kunnskap om og oppleving av industristaden Sauda.
Vern
Sentrum i Sauda, frå gammalt Øyra eller Øyrå, nå meir Byen, har ikkje samla like stort verneengasjement som Åbøbyen, men det har heller ikkje gått aldeles under radaren. I 1997 blei det utarbeidd ei stadanalyse som peika på kvalitetane i sentrum. To år etter, i 1999, tok Sauda sogelag mål av seg til å styrke kunnskapen om det historiske grunnlaget for forvalting av sentrum gjennom eit temahefte, «Tre gater på Øyra». Temaheftet blei følgt opp med fleire djupdykk i sentrumshistoria. I ein reguleringsplan frå 2000 er det tatt inn føresegner som skulle sikre eit visst vern av eksisterande bygningar og ein tilpassingsarkitektur for det som eventuelt måtte komma til. I ei kulturhistorisk vurdering av sentrum som Norconsult utførte for Sauda kommune i 2017 er omtale og kartlegging av dei kulturhistoriske verdiane ei hovudsak.
Riksantikvaren har tatt Sauda sentrum, tilliks med Åbøbyen, med i sitt oversyn over bymiljø av nasjonal interesse. I kommentarane til plangrunnlaget for kommuneplanen 2018-2030 har både Rogaland fylkeskommune og Fortidsminneforeningen lagt særleg vekt på kulturminneinteressene i sentrum.
[1] Danielsen, A. S.: Electric Furnace Products Company, Limited, Sauda 1954
[2] Lillehammer, Arnvid: Soga om Sauda III, Sauda 1991
[3] Lillehammer, Arnvid: Soga om Sauda IV, Sauda 2002
[4] Vetti, Torgeir: Kafear i Sauda, i årsskrift for Sauda sogelag 2005
[5] Årtun, Tone: Kafear i Hellandsbygd og på Minnehaugen, i årsskrift for Sauda sogelag 2005
[6] Vetti, Torgeir: Hotelldrift på Øyra, i årsskrift for Sauda sogelag 2007

Aktivitetane i samband med utbygginga i fjellet og på Klubben, med stadig tilflytting av nye folk, gjorde bygda attraktiv også for andre enn dei som var direkte knytte til anleggsverksemda; handelsfolk og handverkarar av ulike slag, men også folk som tok til med hotelldrift, kafedrift og utleige av rom. Desse «andre» slo seg for det meste til på Øyrå. Dette førte sjølvsagt til kjøp og sal av tomter og bygging og sal av hus. For somme var dette ein måte å tena pengar på. Andre ynskte berre ein stad å driva handelen sin eller handverket sitt. Og dei som åtte jord her, var ikkje uvillige til å selja. Dette førte til ei vidare oppdeling av dei gamle åker- og slåtteteigane. Det gjekk føre seg ei stadig frådeling av nye bruk og tomter, særleg langs dei to hovudgatene, i åra frå og med 1915 til og med 1920, med 1917 som det meste hektiske. I desse seks åra vart det bygt nærare førti nye hus på Øyrå, slik at talet på hus i den nye «bygdebyen» vart meir enn tredobla.
Og det vart bygt stort i høve til den tradisjonelle byggeskikken i Sauda. Lengst nede ved kaien ruva det nye «Grand Hotel» «ved sin høide og sine mange verandaer», vakkert deko-rert i drakestil. Dette var eigentleg eit eldre hotell som Christian Bakke hadde frakta ned frå Nesflaten og sett opp på Vangnes vinteren og våren 1916. Det huset som Tarald T. Austarheim sette opp lenger oppe, og som sunnfjordingen Albert Jensen dreiv som hotell under namnet «Saude Hotell» frå 1917, var heller ikkje noko lite hus. Endå lenger oppe, ved krysset mellom dei to hovudgatene Rådhusgata og Brugata, voks det opp ei rekke høge «bygardar», dels i mur og dels i tre, både austover og sørover. Ikring 1920 var dei viktigaste «tenestene» i bygda samla her. Frå før var her postopneri og telefon- og telegrafstasjon. Utanom hotella, og «Bakkes Hotel» var eit tredje, fanst det fleire kafear og kaffistover. Her var skomakar og urmakar; bakar, slaktar og bokhandlar; eit blome- og grønsakutsal som også selde grasfrø; sjølvsagt fleire landhandlarar; ein jarnvareforretning kom også til; manufakturhandel vart her også; og ei kort tid var her til og med ein brusfabrikk, «Mineralvann-fabrikken Fram», som Anders Garstad tok til med. Her var dessutan rammeforretning; det var råd å kjøpa syklar; her fanst ein blikkslagar; og ein kunne få kjøpa elektrisk utstyr, om ein det ynskte. Ein fotograf var her også, og ein dansk skreddar slo seg til på Øyrå. Og endeleg var her fleire tobakksforretningar. Det gamle bygdesenteret var sanneleg i ferd med å få bypreg.
Arnvid Lillehammer, Soga om Sauda. 4 : Bygdesoga 1880-1940, s. 370-371



Eit reisebrev frå 1917
Jeg hadde ikke været i Saude siden hin vinterdag i 1915, da herredsstyret besluttet at anbefale koncesjon paa Saudevassdragets utbygning, og det var med en viss spænding jeg nu paa en motorkutter nærmet mit Øiro. Vilde jeg finde store forandringer? Var man allerede kommet langt paa vei med forvandlingen av den vakre, fredelige bygd til en moderne fabrikby? En ønsker helst at se igjen en bygd som Saude i nogenlunde samme skikkelse som den var første gang, men saa den, og de store forandringer, som storindustriens indtog fører med sig, føles nesten som brutalitet, som vold mot naturen.
Vi lægger til ved den gamle brygge, den er nogenlunde uforandret, likesaa – tilsynelatende – det gamle pakhus; det føles som en lettelse. Dog, pakhuset har aldeles ikke undgaat den nye tids omkalfatringsbehov. Kommet forbi hjørnet ses nordenden av bygningen indrettet til butik med store glasruter, vindusutstilling og «vel assorteret lager av alt til branchen henhørende». Det vakre hus midt i engen paa venstre side av veien har man derimot hittil skaanet for større forandringer. Det skulde bare mangle, så man en dag ogsaa her indreder en butik – eller en kinematograf! Jeg fortsetter langsomt opover veien med bange anelser om at finde meget nyt, som ikke tiltalte, – at hele Øiro skulde virke fremmed. Her er sandelig kommet et stort hotel, som udmerker sig ved sin høide og sine mange verandaer, og som bærer det flotte navn Grand. Bakeren ved siden av har nøiet sig med at sætte en etage til paa sit hus. Nogen skridt lenger fremme møter jeg et hus med skilt paa veggen: «Pensjonat». Hvor det virket velgjørende at se igjen bak dette et av de gamle, virkelig vakre bondehusa med smaa ruter og kvist paa taket!

Jeg fortsetter opover mot kirken; en række nye huse er opført paa begge sider av veien; der er regulert gate, saa de nye bygninger er trukket saapas tilbake fra den gamle veikant, at der blir ordentlig gatebredde. Navnet paa denne gate er selvgit, det blir naturligvis Kirkegaten. Under min færd opigjenom gaten glor jeg paa de nye huse og paa skilterne som den lille landsgut første gang kommer til storbyen. Her har vi Sauda kreditbank, en filial av en Bergensbank, videre kaffistova, folkekjøkken, Saude dampbakeri, barbersalon, bokhandel osv. osv. Man kan faa kjøpt alle ting undtagen – melk.
Den private nybygning holder sig mest langs veien om kirken, altsaa paa dalens nordside. Uagtet nybygningen her ikke hittil har hat nogen svimlende fart, er dog tomtepriserne voldsomt høie. Langt ovenfor kirken i en meget brat bjørkeli hadde man nylig betalt 2 kroner kvadratalen for en hustomt.
Stavanger Aftenblad, 17. august 1917
Utbygginga av Øyra
I 1997 gjennomførte ARCHUS arkitekter ein stadsanalyse av sentrum, på oppdrag frå Sauda kommune. I rapporten blir den historiske utviklinga av Øyra rissa opp (sjå under).
1916 – Øyra blir bygd ut
I 1866 bygges ny kirke i Sauda, som en konsekvens av beslutningen om å flytte kirkestedet fra Saudasjøen (‘ytrebygda’) til Sauda (‘indrebygda’). Før denne tid var øyra, begrenset av nordelva og skrenten opp til Fløgstad, lite bebygget. Området ble hovedsakelig brukt til beitemark, på grunn av morenesteinene som gjorde i orden mer enn vanlig uegnet for dyrking. Nordelva hadde tidligere et vestligere løp ut mot fjorden, ved en flom på slutten av 1800-tallet får elven sitt nåværende løp.
Omtrent samtidig med at den nye kirken bygges etableres det fast dampskipsforbindelse til Stavanger. I de påfølgende årtier finner det sted forretningsetablering, ordnet som bebyggelse langs veien (‘lineær bebyggelse’) mellom kaiområdet og kirken. Den samme strukturen går 1gien også langs de andre veiene. Broen over Nordelva til Tangen er tidlig etablert på det sted den ligger i dag. Forbindelsene ut fra øyra er de samme som i dag; vest fra Saudasjøen, nordover Åbødalen og østover Tangen.
1913/14 etableres A/S Saudefaldene. Dette fører til anleggsvirksomhet og tilflytting av arbeidere. lnnkvarteringskapasiteten utbygges i form av pensjonat og boliger på Øyra.
Kartet viser Øyra ca 1916 (kjelde: ARCHUS arkitekter, Stedsanalyse Sauda sentrum, 1997) 1926 – Sauda vokser
1919 står de første fabrikksbygningene på ‘Klubben’ (tidligere et område med husmannsplasser) ferdig i form av et karbidanlegg. Produksjonen blir i de påfølgende år lagt om til ferromangan, og dette blir grunnlaget for industrialiseringen av Sauda.
I de følgende år stiger folketallet voldsomt i Sauda. I konsesjonsbetingelsene er den amerikanske eieren av smelteverket, EFP, forpliktet til å bygge boliger og visse institusjoner for de ansatte. Dette fører til opprettelsen av ‘byanlegget’, Åbø-byen, antagelig anlagt av amerikanske planleggere etter engelsk havebyideal. Etterhvert bygges også skole, sykehus, idrettsbaner, ‘klubb’ etc. omkring den tidligere gården Åbø .
Industrietableringen får nødvendigvis også betydning for sentrumsområdet, Øyra. Men denne påvirkningen er i en viss forstand indirekte, da det ikke blir foretatt noen samlet overordnet utbygging av dette området. Den nye bebyggelsen følger i første det eksisterende åpne lineære bebyggelsesmønster, med en konsentrasjon omkring den fremtidige Rådhusgata og Brugata. Øyra beholder og befester sitt preg som serviceområde. Øyra blir møtestedet mellom det eksisterende bondesamfunn og den nye industritid, mellom bedehus og arbeiderkultur.
Kartet viser Øyra ca 1926 (kjelde: ARCHUS arkitekter, Stedsanalyse Sauda sentrum, 1997) 1929 – Reguleringsplan og bystruktur
Etter klassisistisk mønster ønskes det å opparbeide gater og kvartaler. Det introduseres et byplanmessig rutenett. Kvartalstrukturen tar imidlertid hensyn til de allerede eksisterende veier, Saudasjøve1en, Rådhusgata og Brugata.
Hele området ned til fjorden forutsettes utbygget med et ensartet gatemønster.
Planen viser en struktur som følges i mange år fremover i den delen av stedet som utbygges.
Kombinasjonen av ønsket om et klart gatemønster og den eksisterende situasjon gir en byplanløsning som viser seg funksjonell samtidig som den har en klar identitet – et vellykket møte mellom en ideell byplanmodell og en konkret situasjon.
Kartet viser rutenettstrukturen som reguleringsplanen frå 1929 la opp til (kjelde: ARCHUS arkitekter, Stedsanalyse Sauda sentrum, 1997) 1957 – Gullalderen
Sauda har i etterkrigstiden befestet sin stilling som industristed. Etterspørselen etter ferromangan på verdensmarkedet er stor, og kommunens innbyggertall kulminerer ca. 1960 med omkring 6300 innbyggere – sammenfallende med at antall ansatte ved smelteverket kulminerer på 1300.
Sauda omtales i denne perioden som en ‘kafe-by’. Det sosiale livet utfolder seg i tettstedet mellom skiftene på smelteverket. Gjennomsnittsinntekten er høyere enn i resten av Ryfylke og ligger høyt på landsbasis. Folkets hus og rådhuset har på slutten av 1930-tallet fått sine respektive utforminger og markante plasseringer.
Tettstedet har på slutten av 1950-tallet i stor grad fått sin nåværende form. I pakt med reguleringsplanen fra 1929 er nye gater opparbeidet. Men på tross av 1929-planens ideal om kvartalstruktur, er den tidligere nord-sydgående retningen fremdeles dominerende.
Reguleringslanen fra 1929 viser en sammenhengende gatestruktur fra kirken og helt ned til kaiområdet. Imidlertid ser ikke utbyggingsbehovet ut til å ha vært strekt nok til å fullføre gatenettet helt ned mot kaiområdet. Langs kaien oppstår derimot andre bygningstyper, betinget av kontakten med fjorden. Dette er store bygningsvolumer uten direkte kontakt med bystrukturen. Mellom disse byggene og gatenettet blir det liggende et udefinert restareal, et ‘ingenmannsland’ og hvitt felt på kartet.
Kartet viser Øyra ca 1957 (kjelde: ARCHUS arkitekter, Stedsanalyse Sauda sentrum, 1997) 1964 – Reguleringsplan og trafikkseparasjon
Regulerings- og bebyggelsesplanen er tidstypisk i den forstand at den er basert på stor vekst.
Planen søker i stor grad å regulere trafikken, og å skille gående og kjørende. Riksveien legges utenom sentrum.
Garasjeanlegg skilles fra boligene. Parkeringsplasser samles i store grupper utenfor sentrumsgatene.
Kvartalstrukturen rundt triangeltomta opprettholdes, men bygningene forestilles som lange sammenhengende volumer.
Den nåværende forretningsgården i Skulegt./triangeltomta ser ut til å være et resultat av denne bebyggelsesplanen. For øvrig har bebyggelsesplanen satt få fysiske spor. Den foreslåtte riksveiforbindelsen over Tangen står imidlertid stadig inne på gjeldene planer.
Planen frå 1964 såg føre seg vekst i både husbygging og trafikk. Mellom anna ville ein leia trafikken utanom sentrum med ein veg over Tangen (kjelde: ARCHUS arkitekter, Stedsanalyse Sauda sentrum, 1997) 1996 – Tungindustrien rasjonaliseres
I løpet av 1960-tallet starter rasjonaliseringen ved smelteverket, med innskrenkninger av mannskapsstyrken som følge. På slutten av 1990-tallet er produksjonen høyere enn noen gang, men med langt færre ansatte. Dette fører til behov for nye arbeidsplasser. Mange pendler til andre arbeidsplasser i regionen, og noen velger å flytte for godt. Sammen med endrede sosiale vaner generelt har dette ført til et minkende press mot sentrum.
De sentrale gatene med triangeltomta i midten utgjør det kommersielle tyngdepunkt. Det er en tendens at mindre bygninger slås sammen til større volumer for å tilfredsstille butikkenes behov. I utkanten av det umiddelbare sentrum er det en tendens til at flere bygninger, både boliger og forretningslokaler, blir stående tomme .
Kyrkjegata, som var tegnet inn allerede på reguleringsplanen fra 1929 blir opparbeidet 1978/79. Riksveien, som før gikk i Rådhusgata, flyttes til den nye Kyrkjegata.
Kaiområdet er ytterligere utbygget, en begynnelse på den planlagte nye riksveiforbindelse over Tangen føres frem til buss/drosjeholdeplassen ved den gamle jernbanebroen.
Rekkehuset introduseres som en ny bygningstype i sentrum. Ved Kyrkjegata er det et eksempel på at disse bygges som et område som bryter med den omkringliggende gatestrukturen.
Sentrumsområdet har fremdeles sin klare struktur, men det kan spores en begynnende tendens til å trekke funksjoner ut av det umiddelbare sentrum. Likeledes bryter flere av de sist tilkomne bygninger med eksisterende strukturer, de fremstår som isolerte anlegg uten forbindelser med omgivelsene.
Kartet viser Øyra ca 1996 (kjelde: ARCHUS arkitekter, Stedsanalyse Sauda sentrum, 1997)
