Av Torunn Tornes Djuvik.
I mest hundre år får me her følgja jordmødrene i Sauda i små og store hendingar. Frå den første fødselen på det nye, flotte Sauda sjukehus i 1926, til heimefødslar igjen blir populært, til dramatikk og til ambulansefødslar. Uansett korleis tilhøva var, har jordmora vore den trygge, kyndige dama som har stått støtt ved dei fødande si side og delt både gleder og sorger.
Det går eit tidsskilje ved årstalet 1926. Då stod sjukehuset i Sauda ferdig. Tidlegare var det eit provisorisk sjukehus i Wergelandsveien, men det er usikkert om nokon vart fødd der. I 1926 er det registrert 66 fødslar i fødeprotokollen. Jordmor Brita Tuntland Bråtveit har signert protokollen, saman med ein lege frå Sand lægedistrikt. Året etter, i 1927, var det registrert 104 fødslar. Var auken så stor, eller er det fødslar frå året før som kan vera registrerte andre stader?

Sauda sjukehus stod ferdig i 1926. Fødeavdelinga låg i andre høgda til venstre. Foto: Sauda lokalarkiv
Me veit at det skjedde mykje i Sauda i denne tida. Fabrikken trong fleire tilsette, og folk strøymde til Sauda frå ulike kantar av landet, endåtil frå utlandet. Dei aller fleste fødedamene hadde adresse Sauda, nokre få Saudasjøen og Svandalen og ei Honganvik.
Som hedling synest eg det er stas med eit fødetal på fem i Hellandsbygd! Om fødslane skjedde heime eller på sjukehuset, er ikkje heilt avklart, truleg begge stader.
27 søknader til distriktsjordmor-stillinga
I desember 1923 blei Brita Tuntland Bråtveit tilsett som jordmor i Sauda. Ho var gift med gartnar Nils Bråtveit. Det same året som paret fekk sitt første barn, Kjellaug, flytta familien inn i deira nybygde hus, nedst i Fløgstadvegen. Huset er seinare kjend som «Tveitohuset». Men alt i 1931 døydde Brita i barsel, berre 35 år gamal. Den vetle sonen døydde same dagen han blei født, mora fire dagar etter.

Jordmora Brita Tuntland Bråtveit, her med dottera Kjellaug på armen, dåpsdagen 11.11.1927. Foto: Utlånt av Bodhild Birkeland

Jordmor Serina Tveito byrja som jordmor i Sauda i 1931. Fram til 1941 budde ho i det nedste huset i Fløgstadbakken, «Kvitaberghuset». Så flytta familien rett over vegen til det som seinare er kjend som «Tveitohuset». Foto utlånt av sonen Sigmund Tveito.
I 1931 vart distriktsjordmorstillinga lyst ut på nytt, og det kom inn heile 27 søknadar. Serina Lyse Larsen, seinare Tveito, vart tilsett. Jordmoryrket var tydelegvis populært, men samtidig eit av svært få yrkesval for kvinner på den tida. Eg har høyrt at menn som klarte å kapra seg ei jordmor til kone, vart sett på som svært heldige. Andre derimot, har høyrd at «jordmormannen» ofte vart ledd litt av og sett ned på, for alle visste kven som bestemte i den heimen; det var ikkje mannen! Kvar fødsel hadde ein takst, og jordmora var dermed sikra inntekt.
Store endringar i samfunnet, med stadig meir sentralisering, fekk og konsekvensar her i bygda. Distriktsjordmora, som hadde teke seg av heimefødslar, vaksinering og andre oppgåver, vart meir og meir erstatta av sjukehusjordmødrene. Johannes Bakka (fødd 1940) er ein av mange som fekk koppevaksine av distriktsjordmor Aagot Hølland. Aagot var søskenbarnet til far hans og vaks opp på Bakka. Han har framleis koppeattesten liggjande i ei skuffe.
Ein annan som fekk møta distriktsjordmora, var Andor Andersen (fødd i 1918). Ein vakker vårdag i mai 1939, kunne ein sjå ein ung gut i full fart nedover Fløgstadbakkane. Han småsprang nok, kan eg tenka meg. Målet var eit stort hus heilt nedst i bakken, for der budde nemleg jordmor Serina Tveito. Andor fekk beskjed om å roa seg ned, så skulle jordmora koma så snart ho hadde fått klede på seg. Då jordmora var vel i hus, vart Andor sendt på dør. Så vart han gåande ute, mellom løa, åkeren og heimehuset, medan han venta på at jordmora skulle ropa han inn. Då dette endeleg skjedde, var han den stoltaste og kryaste mannen i heile Sauda! Tenk, 21 år og barnefar! To år seinare måtte han ta same turen for å henta same jordmora, men då var det ein litt meir erfaren og roleg Andor som banka på jordmordøra.

I 1939, då kona til Andor Andersen skulle føda for første gong, sprang Andor ned Fløgstadbakken til Kvitaberghuset for å henta jordmor Serina Tveito. Her er han fotografet utanfor det same huset sommaren 2020. Foto: Roar Lund
Svangerskap og fødsel blei ikkje snakka om
På 1930 og 40 talet skjedde fødslane både heime og på sjukehuset. Distriktsjordmora og sjukehusjordmødrene hjelpte kvarandre, men tendensen var at stadig fleire valde å føda på sjukehuset. Men uansett kor ein fødde barnet sitt, sjølve svangerskapet og ventande fødsel var ikkje noko ein snakka høgt om.

I vindauget står Kristine Rolfsen og på benken under sit Aud (seinare gift Selfors) og mor hennar, Martha Gauthun. Klara var storesøster og visste ikkje at ho hadde fått ei lillesøster før fru Rolfsen fortalde henne det. Foto: Privat
Stavanger Aftenblad hadde 1.9. 2019 ein reportasje i samband med opninga av Folkets Hus. Dei to søstrene Klara Eide og Aud Selfors fortalde om barneåra sine i Åbøbyen. Klara, som no er over 90 år, var eldst av dei to og hadde inga aning om at ho skulle få eit veslesyster. Ein dag ho kom heim etter å ha vore ute ein tur, sa fru Rolfsen som budde i same huset til henne: «No har du fått deg ei søster». «Nei!», sa Klara. «Jo, du kan berre gå opp og sjå», sa fru Rolfsen. Denne historia står i sterk kontrast til praksisen i dag, der eitt og toåringar kysser og klemmer på mora sin gravide mage medan dei seier baby, baby!
Sjukehusfødslar blei vanleg, men pga. høge fødselstal kunne ein og få hundre kroner viss ein fødde heime. I 1943 ventar Andor Andersen og kona Agnes sitt tredje barn, og heller ikkje denne gongen spring Andor ned bakkane for å henta jordmora. I staden vert Agnes køyrd til sjukehuset og fødeavdelinga der. At kona skulle verta alvorleg sjuk kort tid etter fødselen, var det nok ingen som hadde rekna med. Agnes vart liggjande på sjukehuset eit halvt år etter fødselen, før ho fekk koma heim til Fløgstad, der ho døydde kort tid etter. Sjukdommen hadde ikkje noko direkte med svangerskapet eller fødselen å gjera, så utfallet ville kanskje vore det same om Agnes ikkje hadde vore barselkvinne. Jentebabyen, som blei døypt Aslaug, fekk aldri bli kjent med mor si. Ho vaks opp hos besteforeldra i Imsland.
I Statsarkivet i Stavanger kom eg over ein privat fødeprotokoll til Astrid Guldberg, Saudasjøen. Der kan ein lesa at ho hadde 17 fødslar i 1946 og to i 1947. Ho hadde både tvilling, sete og ansiktsfødsel. Berre ein gong måtte ho flytta fødedama frå heimen til sjukehuset. Bekkenet var for trongt til vanlig fødsel, og doktor Riddervold måtte avslutta det heile med å ta keisarsnitt.
I seinare tid har eg klart å finna slektningar av Astrid Guldberg. Dottera Anna Marie som no bur i Moss, fortel at mora var frå Trondheim, og at ho seinare tok jordmorutdanning i Oslo. Familien flytta til Sauda fordi faren hadde fått arbeid på fabrikken, truleg i 1943.
Mellom 1931 og 1946 manglar me ein del opplysningar om fødslar, men frå 1947 er det registreringar i Statsarkivet i Stavanger. Serina Tveito hadde til dømes 99 fødslar i 1947.
Ein annan som og er fødd i Saudasjøen, er sjølvaste Vestlandsfanden, Reidar Brendeland. Me siterer frå årsskriftet i 2010: «Mine foreldre var innflyttere og kom til Sauda under krigen. Da var det ikke noe sted å bo, så de fikk tilbud om å bo i tyskerbrakkene i Saudasjøen. Der var det veldig mange unge familier som vokste opp, og det husker jeg som et veldig bra sted å vokse opp. Mor mi fikk tilbud om hundre kroner hvis hun fødte meg hjemme, så jeg er faktisk født i en tidligere fangeleir.»
Dette er eit utdrag frå artikkelen som stod på trykk i årsskriftet 2020.