Nytt årsskrift i sal nå!

I år markerer me at det er hundre år sidan første tapp på smelteverket i Sauda. Endeleg kom ein i gong med produksjon på det som sidan har vore hjørnesteinsbedrifta i lokalsamfunnet vårt. I årsskriftet har me tatt med ein artikkel som blei skriven for hundre år sidan. Avisa Stavangeren sende ein journalist inn fjorden for å skriva om oppstarten av produksjonen. Artikkelen fekk tittelen «Kjæmpen i Sauda begynder at arbeide». I dag, hundre år seinare, held framleis «kjæmpen» det gåande.

Ei anna kjempe me vil feira i dette årsskriftet, er Folkets Hus. Undertittelen kunne vore «nitti år med dugnad». Fredag 25. august i år stod Riksantikvaren på scena i storesalen og erklærte Folkets Hus for freda. I talen sin framheva ho dugnaden som har følgd huset i alle år: «Jeg vil takke alle dere som står bak den gode dugnadsånden i Sauda. Både de som den gang bygget Folkets Hus, dere som fyller huset med innhold og liv og alle dere som bidro til restaureringen.»

Dugnad i nitti år. Nedst er bilete frå tomta med dugnadsfolk som haldt på med grunnarbeid ca 1930. Øvst er dugnadsfolk med og skrapar maling og pussar dei gamle dørene under restaureringa i 2016-18.

Framsida av årsskriftet viser gateliv i nedre del av Rådhusgata på midten av 1900-talet. Roar Lund skriv om dei mange butikkane på denne tida, og spør «Kor blei det av alle dei gamle butikkane i Sauda?». I dag ser me fleire stengjer dørene i sentrum, sist familiebedrifta «Bryne’s konditori». Kanskje bør me læra noko av 1950-talet , då ein handla så godt som alt lokalt.

Elles spenner årsskriftet som vanleg breidt i tema – her skal det vera noko for alle. Me får lesa om bondelivet i artiklane om husmannsplassen på Molla og om livet i Hylsfjorden. Ulike personlegdomar blir portrettert: Ein matros frå Afrika som fall for ei butikkdame i Sauda, Faster By’n, Nikolai Aarthun frå Hellandsbygd og distriktslege Olav Gramstad – for å nemna nokre. Køyretøy og vegar er tema for to tekstar: Lars Njøten fortel om ein trøbil medan Ståle Lunde skriv om Røldalsvegen. Kjartan Fløgstad tar heller føtene fatt og vandrar mot himlaleitet. Også Guri Ravatn ser mot himmelen, men meir symbolsk, i sin tekst om aftanbøn i Ryfylke.

God lesnad!

Årsskriftet kan også kjøpast i adventsbokhandelen vår: Me opnar fredag 24. november og held ope mellom kl 1200 og 1400 fredagar og laurdagar til og med 16. desember i lokala til Bryne’s konditori.