Gjennom konsesjonsvilkåra var EFP plikta til å byggja hus for dei som skulle arbeida på fabrikken. EFP måtte også byggja sjukehus og forsamlingshus.

Andre verdskrig sette ein stoppar for byggjeaktiviteten. Husa som kom etter krigen er teikna av Gustav Helland saman med Endre Årreberg. Typisk for etterkrigsarkitekturen var ein funksjonell og enkel bygningskropp. Det var òg viktig med god materialutnytting på grunn av rasjonering i etterkrigsåra. Det var ikkje berre i Sauda det var husmangel på denne tida.
Amerikanaren William H. Sneath fekk i oppgåve å leia denne utbygginga. Han hadde som mål å gjera Sauda til ”en bra arbeidsplass, men også til et hyggelig og godt bosted for alle”. For å få dette til trong ein arkitektar. Det var ikkje uvanleg at dei store industriselskapa knytte til seg eigne
arkitektar for å sikra kontinuitet og heilskap over utbygginga. Frå midten av 1920-åra brukte EFP arkitekten Gustav Helland frå Stavanger.
Utbygginga av Åbøbyen tok tid, og kvart nye byggjetrinn følgde den rådande arkitektoniske stilen. Ein kan difor sjå både jugend, nyklassisisme, funksjonalisme og etterkrigsmodernisme i Åbøbyen –
bygd i både mur og tre. Ei vandring gjennom denne bydelen er slik ei vandring gjennom nyare norsk arkitekturhistorie.

Dei første husa blei planlagt og teikna i Amerika lenge før Mr. Sneath og staben hans kom til Sauda i 1916. Arkitekturen skil seg frå byggjeskikken i Ryfylke. Dei bratte valma taka, skoddene ved vindauga, og detaljering i listverk vitnar om utanlandsk påverknad.
Arkitekturen brakte den nye tida til Sauda. Dette var ein heilt annan type bygningar enn det folk i jordbrukssamfunnet kjende til. Det kom difor mange tilreisande handverkarar og bygningsarbeidarar frå heile landet og frå utlandet for å byggja desse moderne husa.

Bergensarkitekten Torgeir Alvsaker fekk òg oppdrag i Åbøbyen. Mellom anna har han teikna desse to husa i Parkveien. Alvsaker er elles arkitekten bak Fløgstad skule.
Åbøbyen har i dag status som kulturmiljø av nasjonal interesse, og området har sidan 1983 vore verna gjennom eigen verneplan.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: