Ny bok!

Åbø, bøane mellom elvane var bondelandet som blei by. Då driftige kraftspekulantar kring 1915 slo seg saman med amerikansk storindustri og slukte både fossefall, hamna der Søndenå rann ut og flatene ved Klubben, trong dei enda meir plass og armslag. For Stortinget hadde sett klåre vilkår for at Saudefaldene og Electric Furnace Company Ltd skulle få sette dei storindustrielle planane ut i livet. Selskapa var plikta til «å skaffe arbeiderne sundt og forsvarlig husrum». Det skulle bli ein «bymessig bebyggelse». Og etter kvert kom det som gjerne høyrer til i ein «by»: regulerte gater, parkanlegg, skule, sjukehus, bibliotek, forsamlingshus, idrettsanlegg og EFP sin eigen kolonialbutikk, Varelageret.

Forsamlingshuset var for funksjonærane. I Sauda klubb møttest dei som var «eigna» til det. Dei time løna møttest utanfor villabyen, på Folkets Hus. Arbeidsfolk flokka seg ikkje kring tennisbanen. Dei hadde sitt eige idrettslag, Sauda Arbeideridrettslag.

Ein gong visste dei som budde i Åbøbyen kor dei høyrde til i det sosiale hierarkiet. No er det meste av spora etter det institusjonaliserte klasseskiljet i Sauda borte.

Åbøbyen er eit pulserande, levande museum. Sjølv om hagebyen speglar industrihistoria i Sauda, er han også i stadig endring. Det er ikkje lenger ein funk­sjonær på smelteverket som bestemmer kven som skal få tapet på veggane og kven som må klare seg med måling. Inga Byavdeling klippar hekkar og målar hus for bebuarane.

No er det Åbøbyens vener som jobbar for å føre Parken tilbake til det han ein gong var – eit vakkert grøn lunge til glede for alle i bydelen. Ein venegjeng vil redde Sauda Klubb – foreininga som heldt til der er blitt historie. Varelageret er ein sosial møtestad. Og Åbøbyens bibliotek i etasjen over har for lengst levert boksamlinga si til det kommunale biblioteket. Ten­nisbanane er ubrukelege. Sauda Arbeideridrettslag og Sauda idrettslag la ned stridsøksa i 1939. Idrettslaget er for alle.

Sauda sogelag har gitt ut årsskrift kvart år sidan 1981. I dette skriftet har vi samla og redigert nokre av dei artiklane som har handla om Åbøbyen.

Redaktør Roar Lund

Berre Kirsten Hellerdal Fosstveit sin artikkel om Sauda Klubb er ny. Ein stor takk til alle artikkelforfattarane, og ein spesiell takk til Kirsten for god hjelp til å finne eigna biletmateriale.

Boka er i sal hos Sauda Bok & IT. Pris 200 kr.

Du kan også bestilla boka ved å senda epost til sauda.sogelag@gmail.com eller ved å fylla ut skjema (klikk på knappen under):