Byanlegget

I konsesjonsvilkåra for EFP og Saudefaldene som Stortinget bestemte i 1914 heitte det at selskapa var plikta til å skaffa arbeidarane «sundt og forsvarlig husrum samt til å leie tomter til bygning av egne hjem, alt med veier, vand, kloakk og elektriske lysanlegg». Åbøbyen kom til å omfatta meir enn hundre husvere, idretts- og tennisbane, alléar og parkanlegg, varelageret, sjukehus og Sauda Klubb.

Her er arbeidsgjengen ved byanlegget stilt opp for fotografering framføre verkstadbygningen. Det måtte gode fagfolk til for å halda Åbøbyen på stell. Til dømes trong ein folk til muring, grunnarbeid, snikring og gartnararbeid.

Det var dei tilsette ved byanlegget som stod for vedlikehaldet i Åbøbyen. Her heldt avdelinga til med kontor, verkstadar, garasjar og matsal. Avdelinga hadde ein fast funksjonærstab på seks til sju personar og ein arbeidsstokk som på det meste var oppe i 55 mann, og endå fleire i sommarmånadane. Nokre av dei arbeidde med grøntanlegga. Bygartnaren leia dette arbeidet.

Gartnarane ved byanlegget hadde veksthus og drivbenkanlegg der dei dreiv fram planter til fabrikken sine parkar, bed og hagar. Ca 10-12 000 planter av ulike slag blei dyrka fram i veksthuset og benkane kvart år.


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget