Den første Fløgstad skule stod på Øyra. Skulehuset der var i bruk frå 1876 til det vart rive i 1927. I dag står ein statue av to skuleborn (laga av kunstnaren Svein-Tore Kleppan) på bankplassen der skulen stod.

Slik såg skulen ut etter at det andre byggetrinnet var fullført. Midtpartiet og klasseromsfløy til høgre for dette.
Stor tilflytting i samband med industrireisinga gjorde at det måtte byggjast ny og større skule. Arkitekten Torgeir Alvsaker frå Bergen fekk oppgåva med å teikna skulen. I desember 1926 stod første byggetrinn ferdig på Lofthus, opprinneleg ein del av Åbø. Skulen fekk med seg både namnet og dei same krinsgrensene frå skulen på Øyra.

Sløydsalen på Fløgstad skule i 1938. Lærar Hallvard Håheim.

På Fløgstad skule var det både nynorsk- og bokmålsklassar. Dei andre skulane i Sauda hadde berre nynorskopplæring.
Alt etter eit par- tre år var skulen for liten, og eit andre byggetrinn stod ferdig i 1930. Men elevtalet fortsette å stiga, og i 1936 var tredje og siste byggjetrinn klart til bruk. Fløgstad skule var då det største skulebygget i Rogaland utanom byane.
I skulen var det 12 klasserom og ni spesialrom i tillegg til lærarrom, lærarinnerom, styrarkontor, rom til skuletannlegen og vaktmeisterbustad. På det meste var det fem forskjellige skuleslag og 700 elevar knytt til skulen.
Skulen blei renovert i perioden januar 2008–august 2009. Bygget blir brukt og teke vare på som eit viktig kulturminne. I 2018 var det 144 elevar ved skulen.

Fløgstad skule etter renoveringa.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: