Gardshusa

Før storindustrien kom til Sauda, var Sauda ei jordbruksbygd, og det var gardsdrift på Åbø. Husa på gardane var då til vanleg dei såkalla ryfylkehusa. Tre ryfylkehus står enno att i Åbøbyen. Eitt av dei er Torsveien 56.

Åbøland fotografert før og etter industrialiseringa. Til venstre bilete frå ca 1915. Her ser ein jord- og skogteigane til Åbø-gardane. Til høgre bilete frå ca 1925. Moderne bustadhus og fabrikkanlegg pregar området.

Desse husa skil seg frå husa elles i Åbøbyen i måten dei er bygde på. Det er tradisjonelle gardshus med tømra stover på kvar side av ein gang, som var vanleg i Ryfylke frå midten av 1800-talet. I tillegg har husa fått kvist som ei forlenging av midtgangen, og dei er elles prega av sveitsarstilen. Den første direktøren ved EFP, William H. Sneath, budde i Torsveien 56 saman med ingeniøren J. Strader frå sommaren 1916. Huset inneheldt også ei daglegstove med peis og lunsjrom for ugifte ingeniørar og kontorfolk. Alt vinteren 1917 kunne Sneath flytta inn i den nye direktørbustaden i Kongsveien 62.

Eit av dei tre gardshusa etter Åbøgardane. Huset vart bygd om til sveitsarstil slik biletet viser. Her budde direktør Sneath fram til direktørbustaden stod ferdig.

I den prisløna romanen Dalen Portland (1977) har forfattaren Kjartan Fløgstad skildra korleis starten på smelteverksindustrien i Sauda kring 1920 brått kom til å endra det gamle jordbrukssamfunnet:

Guten har endeleg fått igjen pusten. Han set seg ikkje. Han er grann i målet. Orda kjem i støytar. Eg skulle seia, seier han. Eg skulle seia frå ho mor, at eg skulle seia til han farbror Selmer at han kunne få seg eit skift på fabrikken. Og eg skulle seia at det kunne visst bli fleire òg, og at han måtte skunda seg, for han skulle komma på på ettermiddag i dag klokka tre.

Utdrag frå Dalen Portland av Kjartan Fløgstad


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: