Haakonsgate 51-53

Dette huset er eit av dei første som blei bygd i Åbøbyen. Det står nedst i Haakonsgaten, hovudgata i Åbøbyen som startar ved smelteverket og endar ved direktørbustaden. Haakonsgaten 51-53 og direktørbustaden blei begge bygde i 1917. Dei representer kvar sin ytterkant av det sosiale miljøet i Sauda. Haakonsgaten er såleis både ein fysisk akse gjennom Åbøbyen og ein sosial akse gjennom saudasamfunnet.

Foto frå 1918. Her ser ein Haakonsgate 51-53 til høgre med mørk kledning og lyst listverk. Øvst i gata kan ein skimta den lyse direktørbustaden med to piper.

Huset var rekna for å ha høg standard for si tid då det var nytt, og sjølv om det låg nær fabrikken, var dei glade dei som fekk rom der. Men det var ikkje så store husvere. Det var snakk om ei buflate på 50-60 m2 og med skråtak i andre etasje. Utover i etterkrigstida falma luksusen, og det kom til eit punkt då folk vegra seg for å flytte inn i den nedre delen av Åbøbyen, særleg på grunn av røykplaga.

Haakonsgaten 51-53 er eit firefamiliehus som var i bruk som utleigebustad til ut på 1970-talet.

Då bedriften kvitta seg med husa på starten av 1980-talet, blei det bestemt at Haakonsgaten 51-53 skulle bli industriarbeidarmuseum. Det blei slik innreia to leilegheiter i eine delen: I første etasje blei det innreia som på 1920-talet, medan ein møter 1960-talet i etasjen over. I andre delen av huset er det utstilling.

Første etasje er tilbakeført til rundt 1920. Her kan ein sjå korleis arbeidarfamiliane budde i dei eldste husa den gongen dei var nye.

Industriarbeidarmuseet er eit sesongope museum. Ta kontakt med Ryfylkemuseet for informasjon om opningstider m.m.


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: