Hagebyen

Då EFP Co Ltd. i 1914 fekk konsesjon til å byggja ut industri i Sauda, var det på visse vilkår, på same måte som ved etableringa av andre industristader i landet. Bedrifta kommenterte vilkåra slik:

«Vi agter at bygge det sundeste og bedst utstyrte fabrikanlæg i sit slag i Norge – et anlæg som vil bli til ære baade for Norge, distriktet, regjeringen og os selv.»

Når selskapet her seier «fabrikanlæg», er dette i vid forstand, altså ikkje berre sjølve fabrikken, men òg bustader, grøntanlegg og det som høyrer til. Slik sett kan ein seia at EFP hadde som mål at Sauda skulle visa veg for resten av landet. I nokon grad vart det slik, og hovudstadsaviser og utanlandske media kom til Sauda for å sjå og læra. I 1928 var Dagbladet på besøk for å laga ei sak om den nye industristaden i Ryfylke og skreiv då følgjande:

«Det blir efter alt å dømme en sund og vakker by, som amerikanerne har regulert ut på Åbøflaten efter havebyprinsippet. Et lebelte av naturlig bjerkeskog ligger mellem selve fabrikkanlegget og den såkalte amerikanerby. Lengst borte og innunder en morenebakke ligger selskapets nye helt moderne sykehus. På flaten fremover følger så meget systematisk de høiere funksjonærers og de lavere funksjonærers boliger og arbeiderboligene. Intet er spart for å gjøre det hele så vakkert og praktisk som mulig, og selskapet fortjener all mulig ros for byanlegget. I gatene er plantet alleer av poppel, lind og lønn, og flere tennisplasser er anlagt. Hvert hus er forsynt med sitt jordstykke til have, poteter og grønnsaker.»

Dette biletet er truleg frå slutten av 1920-talet og viser godt strukturen i Åbøbyen med gater, tomter og hus. Haakonsgaten går som ein hovudakse gjennom Åbøbyen med bedriftsporten i eine enden og hageporten til direktørbustaden (det kvite huset fremst i biletet) i den andre. Kjartan Fløgstad seier det slik i boka Arbeidets lys: tungindustrien i Sauda gjennom 75 år (1990): «Langs denne aksen fekk den sosiale lagdelinga i industrisamfunnet si arkitektoniske utforming. Nederst på byanlegget, nærmast fabrikken, låg dei trongaste og eldste leilighetene for arbeidarar med kort ansiennitet. Lenger oppe i gata, på neste morene, låg tomannsbustadene for formannssjiktet og lågare funksjonærar. Her var fleire av husa utførte i ein kombinasjon av tre og tegl. Og lengst borte frå fabrikken, respektfullt rundt direktørbustaden, fann ein, for å fullføra stiliseringa av dei sosiale tilhøva, einebustadene til dei høgare funksjonærane.»

I tråd med konsesjonsvilkåra måtte det først liggja føre ein godkjend reguleringsplan før bygginga av den nye industristaden kunne ta til. Med denne planen kunne industriherrane realisera sine visjonar og idear om ein «Company Town» etter hagebyprinsippet.

«Det er vel ikke så ganske få, som når de skal summere opp sine inntrykk fra Sauda, begynner med Parken. Det er da også en perle for den som elsker blomsterarrangementer og bed.» Slik skriv Stavanger Aftenblad i 1956. Parken det er tale om her er Sneaths park – midt i hjartet av Åbøbyen – kalla opp etter den første direktøren William H. Sneath.

Letchworth i England er rekna som den første hagebyen. Den blei ein ny modellby og stod klar til utstillinga Cheap Cottages Exhibition i 1905. Motivet på postkortet er henta frå denne utstillinga. Mange av hagebyane rundt om i verda følgde utbyggingsmønsteret til Letchworth. Politikarar, industrifolk, planleggjarar og andre som var interessert i nye idear innan bustadbygging valfarta til England for å studera hagebyane der. (Foto: Postkort, måleri av Frank Dean, 1905)

Kva er så ein hageby? For å seia det kort, kom ideen om hagebyar som ein reaksjon mot dei dårlege buforholda arbeidarane levde under i byar og tettstader mot slutten av 1800-talet. Engelskmannen Ebenezer Howard vert rekna som grunnleggjaren av hagebyrørsla. Han lanserte sine idear om «hagebyen» i boka si «Garden Cities of Tomorrow». Ideane vart omsett til lokale forhold og tilpassa industriherrane sine visjonar og idear. Det resulterte slik i hagebyar over nær sagt heile verda. Sjølv om det sjølvsagt er mange variasjonar og ulikskapar mellom desse byane, er det påfallande korleis dei har ein slektskap med kvarandre. Felles for hagebyane er at dei gjerne byggjer på organiske bystrukturar, der gata er eit viktig element, og der forhagar og plassrom gir grunnlag for god fysisk standard for arbeidarane. Husa er teikna av arkitektar og er bygde over eit relativt kort tidsrom. Livskvaliteten skulle sikrast gjennom høg bustandard med varmt vatn og elektrisitet. Det var òg viktig å byggja skular, idrettsplassar, badeanlegg og fellesareal som parkar og andre møteplassar.

I hagebyen utgjer hus, hagar, gater, grøne lungar, parkar og plassar ein heilskap. Her ser ein Parkveien med Sneaths park i høgre biletkant. Lindetre i rekke dannar allear i gatene.


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: