Idrettsbanen

EFP starta utbygginga av idrettsbanen i 1945 og gav han til Sauda idrettslag i 1948. I 1963 overtok Sauda kommune idrettsanlegget.

Den nye idrettsplassen fotografert i mai 1947.

Frå eit turnstemne på den gamle idrettsplassen.

Heilt sidan anleggs- og fabrikkarbeidarane byrja å strøyma til Sauda, har idretten stått sterkt i bygda. I lange periodar var skilauparane frå Sauda dei dominerande på Vestlandet. I tida før og etter andre verdskrig kom mange av dei beste turnarane i landet frå Sauda. Sauda idrettslag vart stifta i 1919. Seinare kom Sauda Tennisklub og Sauda Turnforening til. Sauda Arbeideridrettslag var aktivt mellom 1933 og 1940. Idrettslaget for Saudasjøen, Ny Von, vart stifta i 1945.

Den første idrettsbanen i Sauda låg i Kongsveien.

Frå den nye idrettsbanen i Åbøbyen. Olav Høiland frå Vikedal spring i mål. Han vart noregsmeister på 800 meter i 1949.


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: