Huset Sauda Klubb stod ferdig i 1929, teikna av arkitekt Gustav Helland frå Stavanger og bygd av fabrikken (EFP Co Ltd.) som forsamlingshus for funksjonærane. I oktober same år stifta funksjonærane ein klubb etter engelsk mønster og kalla han «Sauda Klubb». Klubben fekk disposisjonsretten over huset. I paragraf 1 i vedtektene står det: «Sauda Klubb er en selskapelig forening for herrer.»

Sauda Klubb, ferdig 1929, blei bygd av fabrikken som forsamlingshus for funksjonærane. Etter kvart blei huset leigd ut til konsertar og andre kulturelle tiltak. Rundt tusenårsskiftet selde Eramet huset til private, og i 2018 skifta huset eigarar nok ein gong.
Klubben gav støtte til humanitære organisasjonar og leigde ut huset til teaterframsyningar, konsertar og liknande. Men det viktigaste arbeidet for styret var det indre livet i klubben med klubbkveld kvar fredag. Klubben hadde og eige songkor. Etter kvart kunne menn frå øvre sosiale lag i bygda og få bli medlem, og det blei opna for kvinneleg deltaking (konene til funksjonærane) på festar.

Ein av mange jubilantfestar i salen på Sauda Klubb for dei tilsette ved Saudefaldene og EFP.
Frå slutten av 70-åra kunne og arbeidarane nytta festlokalet til bryllaup og konfirmasjon. Huset blei etter kvart ei storstove for heile kommunen. Då Eramet i 1999 blei eigar av fabrikken, sa dei frå om at Sauda Klubb ikkje passa inn i driftsforma deira. Same året blei huset seld til private og har stått meir eller mindre ubrukt sidan. I 2018 skifta huset eigar for fjerde gong. Den nye eigaren er Sauda Klubb AS, som har som formål å setja huset i stand og opna det på ny for publikum.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: