Sauda Sykehus stod ferdig i 1926 og blei påbygd og modernisert i 1953 og i 1958-59. Bygningen ”epidemien” stod ferdig i 1934.

Sjukehusanlegget i 1937. Det låge bygget til venstre vart kalla ”epidemien”, som vart brukt til å isolera og behandla pasientar med smittsame sjukdomar. I midten ligg sjukehuset og det kvite huset til høgre var overlegebustad.
Sjukehuset var eigd av EFP Co. Ltd. (fabrikken) og A/S Saudefaldene (kraftselskapet) fram til 1968, då Rogaland fylkeskommune overtok. Sauda Sykehus vart lagt ned som sjukehus 1. januar 1999, etter vedtak i fylkestinget.

Lokalavisa Ryfylke skriv om det nye sjukehuset 18. desember 1926.
I privat eige var dette eit attraktivt og moderne sjukehus. Her var det kirurgar, indremedisinar, gynekolog og fødeavdeling av høg standard. Lønningane var høgare enn ved dei offentlege sjukehusa.

Sjukehuset stod ferdig i 1926. Arkitekten bak var Gustav Helland.
Sjukehuset fekk namnet «Sauda Sykehus. Dr. Johan Trumphys Minde», oppkalla etter den første legen ved det provisoriske sjukehuset i Wergelandsveien. Dr. Trumphy døydde av lungebetennelse i 1926, 45 år gamal.

Fabrikken eigde den einaste sjukebilen i Sauda. Her frå 1938 med sjåfør Kristian Løken.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: