Sneaths park er sjølve hjartet i hagebyen. Parken ligg sentralt til, like ved hovudaksen gjennom Åbøbyen: Haakonsgaten. Den sentrale plasseringa midt i Åbøbyen gjorde parken tilgjengeleg for flest mogleg.

Sneaths park var eit flott postkortmotiv. Her er parken fotografert ein gong på 1950-talet. Foto: Normanns kunstforlag AS / Ryfylkemuseet.
Parken var truleg planlagd frå starten med den første reguleringsplanen og bygd nokre år seinare etter barokke mønster. Gartnarane på byanlegget haldt parken på eit høgt nivå. Parken hausta mange lovord når folk kom på besøk.
Namnet har parken fått etter den første amerikanske direktøren på fabrikken, William H. Sneath. I 1951 var det høgtideleg avduking av bysta av Sneath, forma av bilethoggaren Per Palle Storm.

William H. Sneath var mannen som leia utbygginga i Sauda, og som vart den første direktøren på smelteverket. Han har slik sett sitt preg på Sauda, og det var ein av årsakene til at parken i Åbøbyen fekk namn etter han. Her har Sneath og vener stilt seg opp for fotografering etter avdukinga av bysta i parken. Frå venstre: Herr og fru Kerr, Mr. Morehead, Mrs. Sneath, Mr. Sneath, Advokat Christiansen og frue og Mrs. Morehead.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info:

Parken i Åbøbyen
Artikkel i årsskriftet 2018.