”Det er røyken me lever av” var gjerne svaret ein fekk om ein peika på røykplaga. Men når røyken nå er borte samstundes som fabrikken rullar og går, stemmer ikkje uttrykket like godt. Kanskje burde ein heller sagt ”Det er regnet me lever av”?

Medan resten av landet fekk 50 periodar straum hadde husstandane i Sauda 25 periodar straum. Grunnen til dette var enkel: 25 periodar var straumen fabrikken trong til omnane. Dette førte til at alle elektriske artiklar måtte byggjast om frå 50 periodar til 25 periodar før ein kunne ta dei i bruk i heimane i Sauda. Først i 1967 fekk ein 50 periodar straum i Sauda.
Det var regnet og dei høge fjella som gjorde Sauda interessant for dei amerikanske utbyggjarane. Kraftkrevjande industri treng god tilgong på straum. Det var kraftselskapet A/S Saudefaldene som gav lys i dei første elektriske lampene i Sauda og produserte og leverte straum til fabrikken.
Elektrifiseringa av Sauda endra bygda på mange måtar. Ei sak var dei fysiske endringane i landskapet. Ei anna sak var endringane i kvardagslivet. Då straumen vart kopla til, vart òg Sauda påkopla omverda og vart del av det moderne Noreg. Nå kunne ein høyra på radio, husmora kunne få ”hjelp” av straumen til husarbeidet med nye tekniske vedunder som elektriske strykejern, kjøkkenmaskinar, vaskemaskin og støvsugar, og ein kunne arbeide døgnet rundt i lyset frå elektriske lampar.

Det finst to slike transformatorkioskar – eller ”strømhus” som dei gjerne blir kalla – i Åbøbyen: Det står eit strømhus i kvar ende av Parkveien.

Gustav Helland er arkitekten bak ”strømhusa”. Her er eit utsnitt av fasadeteikninga. Sjølv eit så enkelt bygg som ein transformatorkiosk vart teikna ned i detalj, og arkitekten fekk utfalda seg og bruka solide material og leggja til dekorative element. Eit døme på dette er spiret på ”strømhuset”, som viser til funksjonen bygget har, med eit elektrisk lada lyn.
Dei små ”strømhusa” står slik som symbol på verdien av regnet og straumen: Ikkje berre har dei omforma straum, dei har òg omforma folk sine liv.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: