Tennisbanen

Den første idretten det vart lagt til rette for i Sauda, var tennis. Byggeleiaren for fabrikkanlegget, amerikanaren William H. Sneath, fekk bygd ein førebels tennisbane i 1916 i Kongsveien. Før produksjonen ved fabrikken kom i gang i 1923 fekk spelarane trena innandørs om vinteren i ein hall der. I 1917 blei den første banen i Griegs gate ferdig. Seinare kom tre nye banar til, dei to siste i 1925. EFP stod for utbygging og vedlikehald av banane.

Sauda Tennis Klub eksisterte i seksti år, frå stiftingsåret 1921 til den vart lagt ned i 1981. Tennisbanane i Griegsgate fotografert i tennissporten sine glansdagar. Det var eit anlegg som haldt høg standard. Klubbhuset er det vesle huset mellom dei to bustadhusa vis-á-vis tennisbanane.

Sauda Tennis Klub blei stifta i 1921. Alt i 1924 vart klubbhuset bygd, teikna av arkitekten Gustav Helland. Klubben utkjempa pokalturneringar mot klubbar frå Stavanger og Bergen og deltok i noregsmeisterskapen for lag før krigen.

Etter krigen kom nye grupper med i spelet, og tennissporten var ikkje lenger så prega av funksjonærmiljøet på fabrikken.

«Den hvite sporten» var først og fremst ein idrett for den lokale eliten i Sauda, dominert av dei høgare funksjonærane ved smelteverket. Det var likevel ikkje berre mennene som fekk svinga racketen. Her er fire klubbmeistarar før krigen. Frå venstre Solveig Harestad, Guro Christiansen, Lilla Oxaal og Margit Egelandsdal.


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget