Wergelandsveien

Husa i dette området er teikna av amerikanske arkitektar og vart reist kring 1917 til 1920. To av husa i Wergelandsveien var bygd for åtte familiar, dei andre for fire familiar.

Ifølge konsesjonsvilkåra skulle EFP byggja eit sjukehus. Fram til Sauda sjukehus stod ferdig i 1926, fungerte Wergelandsveien 61-63 og 65-67 som sjukehus og legebustad.

Wergelandsveien rundt 1920. På venstre side av vegen ligg ein 4-familiebustad, og vidare bortetter det som då fungerte som legebustad og sjukehus. På andre sida av vegen kan ein skimta dei to 8-familiebustadane. Vegen er ikkje ferdig opparbeidd, men allétrea er planta og stakittgjerda er på plass.

Frå mangansmeltinga på fabrikken begynte i 1923 og fram til 1940, kravde lungebrannen mest åtte gonger fleire liv i Sauda enn i resten av landet. I periodar då produksjonen ved fabrikken låg nede og omnane stod, sank dødstala kraftig.

Slik kunne røyken velta innover Åbøbyen. Biletet er teke i 1934.


Brannhydrantar

Brannhydrantane du finn i Åbøbyen er av merket ”Kennedy”. Den amerikansk og finst berre i Sauda, New York og i Andeby!


Bli kjend med Åbøbyen

Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:

  1. Åbøbyen
  2. Idrettsbanen
  3. Haakonsgate 51-53
  4. Wergelandsveien
  5. Gardshusa
  6. Varelageret
  7. Sauda Klubb
  8. Tennisbanen
  9. Arkitekturen
  10. Fløgstad skule
  11. Sjukehuset
  12. Hagebyen
  13. Strømhuset
  14. Sneaths park
  15. Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: