Sauda Rådhus

Av Karen Sofie Tangstad. Artikkelen stod på trykk i årsskriftet 2007.


Litt om historia

Frå gamalt av var det Saudasjøen som var bygdesentrum i Sauda, men på slutten av 1800-tallet var Indrebygda med garden Fløgstad og då særleg husmannsplassen Øyrå nede ved sjøen, i ferd med å bli det nye bygdesenteret. Her voks det etter kvart fram ulike servicefunksjonar, m.a. kyrkje, skulehus, poståpneri, lensmann, handelsmann og forskjellige handverkarar.

Industrireisinga på «Klubben» i førstninga av 1900-talet, gjorde at dette bygdesenteret vart vidare utvikla, og det voks etter kvart fram eit bymessig bustadområde på Øyrå med større hus og forretningsbygg. Samstundes voks den nye byen på Åbø-moane mellom Storelva og Nordelva fram, med bustader for dei som arbeidde på den nye fabrikken.

Den raske utviklinga i Sauda utover 1920- og 1930-åra førte til at stadig fleire oppgåver måtte løysast, og det vart difor trong for ein større kommuneadministrasjon. Sidan kommunen ikkje hadde eit tilfredsstillande kommunehus, måtte ein ta i bruk rom rundt om på Øyrå til arbeidsplassar for dei kommunalt tilsette. Dette gav dårlege tilhøve for å kunne løysa dei kommunale oppgåvene. Våren 1928 vart difor det første initiativet til bygging av nytt kommunehus teke då heradsstyret sette ned ei eiga nemnd til å greie ut saka.

Tidleg i 1930 løyvde heradsstyret pengar til arkitekt for å få utarbeidd planar for bygging av nytt kommunehus. Arkitekt Gustav Helland frå Stavanger vart kontakta for dette arbeidet. Arkitekt Helland hadde frå midten av 1920-talet teikna mange av dei nye arbeidarbustadene i Åbøbyen. I tillegg teikna han Sauda Sjukehus, Sauda Klubb og Nye Folkets Hus. Gustav Helland var ein av dei leiande arkitektane i Stavanger i mellomkrigstida, noko som saman med alle byggeoppdraga han hadde elles i Sauda, truleg var årsak til at han vart spurd.

Hausten 1931 vart det eine utkastet hans til nytt rådhus godteke av heradsstyret, og det vart gravd ut tomt og bygd grunnmur på «Kommuneløkkja”. Men så stoppa byggearbeidet opp. På grunn av dei tronge økonomiske tidene vart det vedteke å utsetja det vidare byggearbeidet. Det gjekk fire og eit halvt år før noko meir skjedde, og ei ny nemnd vart nedsett. Først i oktober 1937 tok grunnarbeidet til att, og grunnmuren frå 1931 vart då utvida i tråd med ny planløysing av bygget.

6. januar 1940 vart Sauda Rådhus høgtideleg innvigd, og bygda hadde no fått samla heile kommuneadministrasjonen under same tak.

Litt om arkitekten

Gustav Helland vart fødd i Telemark i 1879. Han fekk arkitektutdanninga si ved den tekniske høgskulen i Dresden. Etter endt utdanning var han i ti år tilsett i arkitektfirmaet Siemens Schuckert i Berlin – nokre av desse åra var han leiar for eit prosjekt i England. Ved krigsutbrotet i 1914 flytte han til Stavanger der han etablerte eigen praksis som han hadde fram til han døydde i 1958.

Gustav Helland er den arkitekten som har sett størst preg på Stavanger. Også i Sauda har han teikna mange hus, særleg i Åbøbyen der han har teikna 67 av dei 118 bustadhusa og slik verkeleg vore med å setja sitt preg på området.

Gustav Helland sine første arbeid i Stavanger var påverka av jugendstilen, men rundt 1920 gjekk han over til eit meir nyklassisistisk formspråk der tidlegare stilepokar, særleg barokken, vart nytta som forbilde. Dette finn vi fleire døme på i Åbøbyen. Utover 1930-åra vart det han teikna, prega av funksjonalismen sine idear, og frå då av heldt han seg til ein kubisk, nøktern og usmykka arkitektur. Også dette finn vi mange døme på i Åbøbyen og ikkje minst gjeld dette Sauda Rådhus.

Hovudfasaden til Sauda Rådhus – teikna av arkitekt Gustav Helland

Litt om stilarten

Sauda Rådhus har klare trekk frå funksjonalismen som fekk innpass på 1930-talet og som var eit markert brot med tidlegare stilepokar. Det vart då viktig å finne praktiske og funksjonelle løysingar og la dette syna att i bygga. Funksjon vart viktigare enn stilelement, og det enkle vart valt istadenfor innslag av pynt. Ein ynskte å kvitte seg med all unødvendig dekor og heller reindyrka og forenkla formspråket; store flater, rette linjer og geometriske former. Samanhengen mellom form og funksjon vart viktig: «Form follows function». Det skulle visa att i bygningen si form og utsjånad kva bruk og funksjon den hadde. Eit funksjonelt uttrykk var pr. definisjon vakkert. Samstundes førte nye byggemetodar og materialar som stål, armert betong og glas til at ein kunne bygga med flate tak og større vindauge, noko som gav meir lys og luft.

Dette finn vi att i Rådhuset, som har ein bygningskropp sett saman av ulike firkanta former med flatt tak og slette veggflater. Midtpartiet rommar inngangspartiet og er markert med inntrekt fasade og høgt takoppbygg. Det har ei firkanta «søyle» på kvar side, samt to firkanta stolpar som «held oppe» rådhusklokka. Dei 3 vindaugsbanda mellom og på kvar side av stolpane er med og forsterkar det vertikale uttrykket og tilkjennegjev den vertikale forflyttinga som skjer mellom etasjane i trapperommet bak vindauga. Alle inn- og utgangar i bygget er markert med flate tak.

Vindauga er plassert i flukt med resten av veggen slik at dei saman med veggen dannar ein glatt, rein fasade utan nokon form for dekor. Dei opprinnelege vindauga var delt i to med ei horisontal sprosse litt nedanfor midten av vindauga. Kanskje har arkitekten hatt eit ynskje om å tilføra noko ekstra pynt til ein elles glatt og noko einsformig fasade. Saman med den symmetriske oppbygginga av bygget og dei firkanta «pyntesøylene» ved inngangspartiet, kan dette tyde på at han ikkje heilt har sleppt taket i nyklassisismen sine ideal. Totalinntrykket er likevel at Sauda Rådhus er eit typisk funkisbygg.

Litt om bygget

Sauda Rådhus er eit 3 etasjes monumentalt bygg i pussa betong og mur.

I alle etasjane er det kontor. I 3. etasje ligg heradsstyresalen med ein stor vindaugsvegg mot vest og med heva tak i høve til resten av bygget. Himlingen inne i salen er seinare blitt senka noko.

Deler av 1. etasje har ein stor kinosal på ca 250m2, noko som vart ein flott tilvekst til bygda med si gjennomførte utforming og interiør. Det var ikkje alle bygder som hadde eit slikt anlegg! Høgda på salen strekkjer seg over to etasjar, og golvet har svak skråning slik at dei ca 200 fastmonterte kinostolane dannar eit amfi som gjev god synsoppleving frå heile salen. Kinoen har eigen inngang på kortfasaden mot sør, og dei to utgangane på langveggen mot vest fører rett ut i det fri på baksida av rådhuset. Her tumlar ein rett ut i kveldsmørke etter at filmen er ferdig, og spenninga frå kinomørket følgjer ein heile vegen heim: «Hadde eg vore Tarzan, så skulle eg ha…» (Inspirerte gutepjokkar opp Fløgstadbakkane etter ei filmframsyning på 70-talet.) Kinoen har gjeve filmopplevingar for små og store i Sauda i mange generasjonar. Den var ein viktig del av impulsane frå den store verda før TV-, video-, DVD- og dataalderen tok over. Framleis vil mange hevde at «film er best på kino», og vonaleg vil saudabuen fortsetja å støtta opp om ein kino med lange tradisjonar som i snart 70 år har gitt utruleg mykje til mange.

Langfasadane er begge heilt symmetrisk oppbygd: Austfasaden vender ut mot forretningsbygga på Øyrå. Framfor ligg den store, opparbeidde plassen med hekkar, tre og blomar som saman med monument og benker gjev plassen eit parkmessig preg.

Inngangspartiet deler bygget i to like store delar. Kvar av desse sidedelane har tre vindaugsrekker med seks like vindauge med same avstand i mellom. Dette er med på å fortelja at det skjer det same bak desse vindauga, det er likestilte, anonyme kontor.

Vindauga med horisontal sprosse vart på 70-talet bytte ut med nye med heil glasflate. Vindauga vil bli tilbakeførte til opprinneleg stil i løpet av den næraste framtid. Ny inngangsdør skil seg med sin lyse farge vel mykje ut frå den opprinneleg fargen og den mørke vindaugsomramminga og fargane elles i fasaden i dag.

Vestfasaden vender vekk frå Øyrå og livet der. Sjølv om mykje av den omkransar den vindaugslause kinosalen og difor kunne blitt noko kjedeleg, er vindauga i 3. høgda med heradssal og kontor, samt dei uttrekte trapperomma med vertikalt vindaugsband på kvar side, med på å gje fasaden liv og signaliserer at her skjer det andre ting enn bak den meir monotone vindaugsinndelinga på framsida.

Diverre er i dag uteområdet bak Rådhuset lite innbydande – trafikkareal med parkeringsplassar og vegar dominerer heilt. Dette gjev signal ord at vi er på baksida av der ting skjer til trass for musikkpaviljongen i nærleiken. Baksida står dermed i sterk kontrast til den velhaldne Rådhusplassen som er med og forsterkar framsida på bygget.

Litt heilt til slutt

Som det er i mange samanhengar, kan ein sjå seg blind på det som er kjent. Slik også med bygningar ein har sett og kjent i ei årrekke. Kanskje tenkjer ein ikkje på at dette bygget er med på å gje karakter til omgjevnadane, før det ein dag anten er endra til det ugjenkjennelege eller rive. Først då tenkjer ein at det var då mykje betre slik det stod før, og då er det ofte for seint.

Sauda Rådhus har heldigvis fått stå tilnærma uendra utvendig, og dei små endringane som er gjort, sånn som med vindauga, har Sauda kommune tenkt å tilbakeføra til det opprinnelege. All ære til kommunen for det! Det gjer at komande saudabuar kan få den same følelsen av monumental soliditet i lang tid framover som generasjonane før dei. Også den store plassen framfor Rådhuset ligg der som den alltid har gjort – i alle fall så lenge eg minnest – og er med på å understreka Rådhuset og heile området sin viktige posisjon i Sauda, og gjev det ein sentral og bymessig karakter.

Kanskje vil mange seia at dette er jo ein så trist og grå og kjedeleg kasse er nå det så mykje å ta vare på? Men bygget gjev Sauda identitet. Det er typisk for si tid, og det vitnar om ein tidsepoke – eit Sauda i vekst, i endring. Det sette preg på heile Øyrå og signaliserte at «vi vil noko – vi har tru på framtida – her satsar vi!». Dei som styrte, syntest også at dette var så viktig at dei valte ein av regionen sine beste arkitektar til å gjera jobben!

Sauda Rådhus fortel ei historie – ikkje berre om arkitektur – men ei historie om eit samfunn i utvikling og framgang. Måtte vi ta erfaringane frå denne historia med oss inn i framtida.


Karen Sofie Tangstad er sivilarkitekt, født og oppvaksen i Sauda. Ho er dotter av Målfrid og Sverre Johnsen. Tre av besteforeldra kom til Sauda i samband med industrireisinga, medan den fjerde hadde djupe røter i bondesamfunnet i bygda. Karen Sofie Tangstad tok hausten 1982 hovedoppgåve på «Åbøbyen i Sauda» ved Institutt for arkitekturhistorie, NTH. Ho bur i Vik i Sogn der ho er medeigar i Arkitektfirma  Jon Vikøren as.