
Den 43. skriftsamlinga i rekka frå Sauda sogelag er eit nytt «må ha» for alle med interesse for Sauda-historie.
Knut Atle Seim, Ryfylke 21.11.2023
Medan dei yngre generasjonane gler seg til jul, går mange vaksne saudabuar og ser fram til at Sauda sogelag sitt årsskrift igjen skal koma i handelen. For dykk som må venta ein dryg månad før de kan pakka ut den «obligatoriske» bokpakken som ligg under treet: Det er mykje å gleda seg til, i år òg.
Årets skriftsamling inneheld nokreogtjue historier, litt etter korleis ein tel, er på 152 sider og blir trykt i 600 eksemplar. Skriftstyrar i år, som i fjor, er Kirsten Hellerdal Fosstveit.
«Faster By’n» og Dokter Gramstad
Blant godbitane i årets samling er fortellingane om to markante personar, der spesielt den eine er velkjend for mange saudabuar; distriktslege Olav Gramstad.
«Dokter Gramstad» var i over 40 år for ein institusjon å rekna i saudasamfunnet. Alle visste kven han var, dokteren var «alltid» på jobb. Gramstad blei eigentleg pensjonist i 1975, men heldt fram med eigen praksis og som lege for Høllandsheimen fram til 1985.
I februar 2020 kåserte sonen, Sigved Gramstad, om faren sitt liv og virke under Sauda sogelag sitt møte i Eldresenteret. Med nokre små endringar står kåseriet på trykk i årets skriftsamling.
Kåre Rød går litt lenger tilbake i tid når han fortel om Ragnhild Berentsen Hølland, fattigjenta frå Teig som gifta seg til rikdom i Stavanger. «Faster By’n», som mange av dei eldste saudabuane i dag hugsar henne som, var ei spesiell kvinne som mellom anna viste omsut for fattige.
Artikkelen er, trass mange detaljar og namn, eitt av årets høgdepunkt. Særleg fordi Rød knyter fortellinga opp mot nåtid gjennom bygningar og nålevande saudabuar.
Fornøyeleg om folk
Årets sogebok har fleire gode fortellingar om personar. Det er fornøyeleg å lesa om Nikolai Aarthun frå Hellandsbygd, som kvart år køyrde moped då han besøkte søstera i Hjelmeland – og som saman med kompisen Karl Handeland dukka opp i ein heilsides annonse for Gilde i «Se og Hør» i 1996. Det same gjeld fortellinga om sørafrikanske Dennis Greentree, som fann kjærleiken i Sauda i 1953. Begge desse historiene er ført i pennen av den tidlegare aftenbladjournalisten Jone Laugaland, som på sin eigen blogg har fortalt tallause historiar frå Ryfylke, spesielt om fjordatrafikken.
Ein annan kjend bloggar, Jan Gravdal, er også bidragsytar i årets samling. Gravdal, i ei årrekke journalist i Haugesunds avis, budde i Sauda mellom 1960 og 1970 og har skrive tallause fortellingar herfrå, mellom anna frå smelteverksmiljøet.
Interessante «pliktløp»
Enkelte delar av lokalhistoria er velkjend for mange saudabuar. Dermed vekker verken historia om Røldalsvegen eller om fredinga av fredinga av Folkets Hus umiddelbar begeistring når dei dukkar opp på innhaldslista.
Begge desse kan gjerne oppfattast som «pliktløp» som gjerne bør vera med i ei skriftsamling ein eller annan gong. Jan Windsholt sin tekst om Folkets Hus er imidlertid ei god og ryddig oppsummering av ei viktig historie. Og Ståle Lunde si fortelling om korleis vegen mellom Sauda og Røldal blei til, innehald både utdjupande fakta og nye bilde. Særleg skildringa av den heftige feiringa av vegopninga i juli 1960 gir lesaren eit interessant perspektiv.
Husmannstid og nåtid
1800-talet er husmannshundreåret i Norge, skriv Lars Olav Fatland. Han skildrar liva til tre personar frå husmannskår langs Hylsfjorden. Fatland skriv som vanleg levande og godt.
Ei anna husmannshistorie blir servert av Ivar Andreas Molla, om plassen Skjepaskar under Molla.
Roar Lund har henta fram eit «bilde» av Sauda den gong bygda mellom anna hadde 16 kolonialbutikkar (!) og fem (!) fiskehandlar, eit artig perspektiv til dagens lokale næringsliv. Og så får lesaren vera med Kjartan Fløgstad på villspor i Etne/Saudafjella i det som må vera den «soga» som ligg nærast opp til utgivaråret for eit årsskrift nokon gong. Underhaldande er det, uansett.
Årets skriftsamling skil seg noko frå forgjengarane ved at relativt mykje av innhaldet er publisert tidlegare. Desse artiklane står seg imidlertid godt i ei utgiving som er akkurat det ho gir uttrykk for å vera – ei skriftsamling.




