Karen Sofie og Åbøbyen i sogelaget

Tysdag er det igjen sogelagsmøte. Denne gongen inviterer vi til møte i Sauda klubb. Møtestaden skulle høve fint, for i møteserien «Kor vart dei av» har vi invitert arkitekten Karen Sofie Tangstad. Ho reiste frå heimbygda i 1978 for å byrje studia på det som då heitte NTH. Vel fire år seinare leverte ho hovedoppgåva ved  Institutt for arkitekturhistorie, og då var temaet «Åbøbyen i Sauda». Oppgåva handla både om arkitekturhistoria til dette unike og vakre bumiljøet, og om kva nye huseigarar kunne gjere for å modernisere husa i bydelen i ei tid då Elkem som nye smelteverkseigarar ville kvitte seg med ansvaret for både gard og grunn i Åbøbyen.

Karen Sofie har familierøtene sine i Sauda. Begge foreldra, Målfrid og Sverre Johnsen, jobba på fabrikken, så ho kjenner saudahistoria godt. Det er neppe tilfeldig at ho fekk det ærefulle oppdraget saman med Åshild Marie Øverland å vise kongeparet rundt i Åbøbyen då dei vitja Sauda i 2001. Meir om kor ho vart av og kva ho har drive med etter 1978, får vi heilt sikkert høyre om denne tysdagskvelden.

Deretter blir det tid til allsong og tradisjonell sogelagsmat før vi går laus på andre bolken. 10. juni i år blei det gjort kjend at Fortidsminneforeningen i Noreg hadde gitt Sauda sogelag «heiderleg omtale», diplom og 25 000 kr for laget sitt arbeid for å sikre vern av den unike arkitekturen i Åbøbyen. Førsteplassen gjekk til eigarane av Saxenborg gård i Trondheim, medan sogelaget og Åbøbyen kom på delt andreplass i skarp konkurranse med andre verneinteresser over heile landet. Grete Holmboe vil representere Fortidsminneforeningen denne kvelden.

Ver velkomen til Åbøby-historie midt i Åbøbyen, i Sauda klubb.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 17. oktober
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Sauda Klubb

Sauda Sogelag beklagar og forklarar

Sogelagsmøtet på fabrikken tysdag samla fullt hus med mange gode tilbakemeldingar. Diverre var det mange som ikkje fekk plass og måtte gå heim.

Til vanleg er det rundt 70-80 tilhøyrar på møta våre. Til dette møtet dobla me talet, brukte alle tilgjengelege bord og stolar og dekte til 150 personar. Då tykte me at me tok godt i. Me var ikkje i nærheit av å tenkja at det kunne koma innpå 200 tilhøyrarar.

I ettertid ser me at me noko kunne ha vore gjort annleis. Me kunne til dømes hatt førehandssal av billettar. Dette vil me diskutera når me evaluerer møtet. Møtet var eit samarbeid med Eramet, så å arrangera møtet i eit anna lokale var aldri aktuelt.

Temaet på møtet gjorde at det høyrde til på fabrikken og berre der. Me har svært vondt av at det var mange som ikkje kom inn, men det var diverre ingen ting me kunne gjera med det der og då.

Styret i Sauda sogelag v/ Aslaug Astad og Roar Lund

Sogelagsmøte på smelteverket – 19. september

Tysdag inviterer Eramet og Sauda sogelag til ope møte i kantina på smelteverket. Saman vil vi markere – og feire – at det i år er 100 år sidan straumen blei sett på ved den første smelteomnen hos E.F.P. Co. Ltd. Det skjedde 13. juni 1923.

Sist dei på smelteverket feira stort jubileum, var i 1990. Då var det 75 år sidan bedrifta vart etablert i Sauda og amerikanarane kunne starte byggjeverksemda på Klubben og i Åbøbyen. Då fekk Kjartan Fløgstad frie forfattarhender til å skrive smelteverkshistoria i Sauda. Boka «Arbeidets lys»  er meir enn ei historiebok, ho er eit nærbilete av bedrifta og heimstaden vår.

Når Kjartan Fløgstad no tek turen til Sauda og til sogelagsmøtet er det mange gode grunnar til å vente både spanande og original lokalhistorie.

Når Fløgstad er ferdig med smelteverkshistoria, slik han ser ho, inviterer vi på ein annleis sogelagsmat. Den siste bolken tar også ein «saudagut» seg av. Det er verksdirektør Egil Aarebrot. Han ser optimistisk framover under overskrifta «Klar for hundre nye år.»

Og så blir det kulturelle innslag. Kva for, får vere ei overrasking. Og hugs, vi kan ikkje berre rusle inn på smelteverksområdet. Det ville bryte med alle sikkerheitsreglar. Difor er det sett opp buss frå parkeringsplassen ved Andedammen. Den første bussen går klokka 1815, den siste klokka 1845.

Ver velkomne!

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 19. september
  • Tidspunkt: Arrangementet startar kl 19:00. Oppmøte ved parkeringa ved Andedammen kl 18:15 og 18:45. Felles busstransport.
  • Stad: Kantina på smelteverket
  • Inngong: 100 kr

Kjartan Fløgstad kjem 19. september

Tysdag 19. september kan me gleda oss til ein festkveld i kantina på fabrikken. Då skal det markerast at ein har hatt 100 år med produksjon. Kjartan Fløgstad skal kåsera om dette, og verksdirektør Egil Aarebrot vil fortelja om Eramet i dag.

Hald av datoen!

PS: Det stod feil i bladet Sydvesten som kom i postkassane denne veka. Datoen der (12. september) er feil.

Folkets Hus blir freda!

Dette skal markerast fredag 25. august 2023 frå 18.00-19.30. Sett av datoen!

Riksantikvar Hanna Geiran kjem og ho vil foreta den formelle overrekkinga av fredingsvedtaket.

På programmet står helsingstalar, kunstnariske innslag, kake og kaffe.

Alle er inviterte! Påmelding er ikkje naudsynt.