Dagsturhytta bør endra namn

Det er sers positivt at det blei bygd ei dagsturhytte i Sauda. Men det som ikkje er positivt, er namnet som nokon har gitt hytta.

Å kalla hytta for Ørneredet er uforståeleg og heilt historielaust. For alle som kjenner til historia om andre verdskrig, så veit ein at Ørneredet var namnet som blei brukt på Adolf Hitler sin landstad.  Ørneredet er eit så belastande ord og gir så vonde assisasjonar at det ikkje bør brukast på ei hytte i Sauda.

Kehlsteinhaus, kalla «Ørneredet», blei brukt av nazitoppane til strategiske møte og som sosial møteplass. 

Er det ørn i området der Dagsturhytta er plassert? Er det difor namnet er valt? I så fall burde namnet vera Ørnereiret, ordet rede høyrer ikkje heime i saudadialekta.

Dagsturhytta ligg ved Urabøfjellet. Gamle folk i Saudasjøen har fortalt at det er dette namnet som er blitt brukt om fjellet der hytta ligg. Kvifor ikkje bruka dette namnet og kalla hytta Urabøhytta? Då nyttar ein eit stadnamn som alt er i bruk, det gjer at fleire saudabuar blir kjent med namnet, og namnet blir halde i hevd.

Sjølv om det er sett opp fleire skilt på veg til hytta, og namnet på hytta er kome med i boka over dagsturhytter i Rogaland, er det ingen grunn til ikkje å endra namnet. Det kan lagast nye skilt og sendast melding gjennom media at hytta i Sauda har fått nytt namn.

Mange har reagert negativt på namnet. Det er ingen skam å snu! Hytta er så ny at namnet ikkje har fått festa seg. La oss sleppa å kalla ei hytte ved Urabøfjellet for eit namn som får oss til å tenka på mannen som utløyste den andre verdskrigen.

Sogelaget opnar haustsesongen med 750-årsjubileum

Tysdag kjem nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre til Sauda og til Sauda sogelag. Då trommar sogelaget saman til markering av at det er 750 år sidan Magnus Lagabøte fekk tinga kring i landet og kyrkja til å vedta den første norske landslova. Lova baserte seg på dei gamle norske landskapslovane, Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting.

Lovarbeidet var så grundig og godt at lova blei ståande som norsk lov i 400 år. Først langt inn i dansketida blei Landslova erstatta med ei ny lov, fortel Myhre.

For mange saudabuar vil Aslak Sira Myhre vere kjend som både politikar og ryfylkeven, oppvaksen i Stavanger med hytte på Ropeidhalvøya. Han er ferdig med partipolitikken, men er framleis ein  engasjert og engasjerande samfunnsdebattant. I år har han skrive eit utal artiklar i pressa og halde foredrag land og strand rundt om Landslova av 1274.

Vi finn grunnprinsipp i landslova som framleis i dag pregar dagleglivet vårt. Når vi no plukkar sopp og bær fritt i marka og kan fiske i fjord og vatn, er det rettar som blei nedfelt i landslovas regulering av allmenningen. Det same er odelsretten.

Meir om Magnus Lagabøte, lovarbeidet som blei gjort for 750 år sidan og framleis pregar norsk lovgjeving, og kva det har å seie for oss i dag, kan du høyre i haustens første sogelagsmøte, denne gongen i Storesal i Folkets Hus. Der held vi fram med dei gamle og gode sogelagstradisjonane; venleg drøs, noko å bite i i pausen og allsong. Ver velkomne, alle historieinteressert saudabuar. Og så eit lite PS: Billetten må du no kjøpe anten på nettet eller på biblioteket..

Roar Lund



Hustveit i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag medlemmane i laget til det årlege vårmøtet. Ferda går denne gongen til Hustveit og til Jonegarden, der historia bokstaveleg talt, sit i veggane. Då den siste brukaren, 93 år gamle Jone, flytta ut i 1983, hadde garden vore i same slekta sidan 1604. Jone var ein av ni sysken – ingen av dei hadde arvingar. Det blei sagt om Jone at han levde og dreiv garden slik dei gjorde på 1800-talet. Så då staten, ved Fylkesmannen i Rogaland, kjøpte garden i 1987 og overlét han til Ryfylkemuseet, kunne museet byggje vidare på arven frå Jone-slekta. Og det har museumsfolka verkeleg gjort. Dei som kjem til Hustveit tysdag, får vitje våningshuset, dei får omvising i løa – som også vil vere ei naudhamn for møtelyden om veret slår seg vrangt. Og dei som vil, kan ta den korte spaserturen bort til Kvednafossen.

Det er Ole Johan Ilstad frå nabogarden rett over kommunegrensa som skal fortelje om livet på Jonegarden, om gardshistoria og sikkert også om kulturlandskapet kring gardshusa. Innmarka er frodig, allsidig og fin i desse varme og fine førsommardagane. Også den må vere av historisk interesse – enga har aldri kjend smaken av kunstgjødsel.

Dei som ikkje vil køyre heilt fram til Hustveit, kan gå den gamle stien frå ein annan nabogard, Honganvik og til Hustveit. Dei som vel å gå, må møte klokka 1530 ved Honganvik og ta turen oppover bakkane saman med dei to lokalkjende, Olafr Jakobsson og Ove Løland.

Ta med stol, kaffitermos og noko godt å bite i, sjølv om vi også byr på både ei kulinarisk overrasking og kulturinnslag.

Ver velkomne til medlemsmøte på Hustveit.

Praktisk info

  • Frammøte ved parkeringsplassen på Hustveit. Viss dårleg ver, blir møtet i løa. Køyr gjerne fleire i same bil. Dei som treng skyss, kan kontakte Aslaug Astad, telefon 948 22 022.
  • Dei som vil gå stien frå Honganvik til Hustveit, kan møte ved Honganvik kl 1530. Turleiar Olafr Jakobsson.
  • Ta med stol, mat og drikke. Musikk og kulinarisk overrasking.
  • Møtet er berre for medlemmer. Vel møtt.
  • Gratis entre.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 28. mai
  • Tidspunkt: kl 17:00. Frammøte ved parkeringsplassen på Hustveit.
  • Stad: Hustveit

Sogelaget vil sjå amerikabreva dine!

Utvandringa til Amerika 200 år

I 2025 er det 200 år sidan utvandringa frå Norge til Amerika starta. Sauda sogelag vil markere jubileet med to sogelagsmøte i 2025.

I samband med dette er styret interessert i informasjon om folk frå Sauda som emigrerte til Amerika i tidsrommet 1825-1940. Me ønskjer i første omgang å registrera brev, forteljingar, bilde og gjenstandar.

Har du noko å fortelja eller visa oss?

Styret vil vera til stades på tidlegare Kraft kafe tysdag 7. mai kl. 17.00-19.00.

Her får du og ein kopp kaffi og litt a bita i.

Dette er sogelaget interessert i, frå tidsperioden 1825-1940

  • Brevkorrespondansar mellom Amerika og Sauda
  • Bilder av utvandra saudabuar i Amerika
  • Historier om folk som reiste til Amerika og busette seg der
  • Historier om folk som reiste til Amerika og returnerte til gamlelandet igjen
  • Klede eller gjenstandar i samband med utvandringa til Amerika

P.S: Sogelaget ønsker kun å fotografera brev og gjenstandar – ein treng ikkje gi frå seg noko.


  • Dato: Tysdag 7. mai 2024
  • Kl: 17:00-19:00
  • Stad: Folkets Hus, kafeen