Industribygda har ei mangslungen og spennande historie, og i sogelagets årbok av året avspeglast dette godt.
Som ytterpunkt kan nemnast Arnvid Lillehammers artikkel om husmannsvesenet i Sauda som motpunkt til soga til Sauda Klubb, industri-overklassens høgborg i Åbøbyen, bygd i 1928 med amerikanske dollar for «en selskapelig forening av herrer».
Medan me i Suldal har hatt sogelagsårskrift («Gamalt frå Suldal») sidan 1998 har dei i Sauda 40-årsjubileum for sitt i år. Det vert markert med eit årskrift på heile 225 sider, ny rekord. Og det må berre seiast at her går ikkje kvantitet på bekostning av kvalitet.
Roar Lund er redaktør for årsskriftet, og han har skrive fleire artiklar. Spanskesykja som herja som pandemi for 102 år sidan har det blitt fokus på i desse korona-tider. I Norge reknar ein med at den tok 15 000 liv. I Sauda finn han at dødstalet var 9. Ein familie på Hovland vart råka ekstra sterkt. På nokre få dagar i februar 1919 døydde 4 søsken i alderen 8 til 15 år, i tillegg til mor deira. Sterkt.
Redaktøren har òg laga eit fint portrett av «Arbeidskaren Endre Danielson Storli», som i tidleg ungdom arbeidde i sinkgruvene i Allmannajuvet. Gruvedrifta her er òg tema i Asbjørn Birkeland, ordføraren, sin artikkel om den unge engelskmannen Arthur L. Collins som var direktør der eit par hektiske år rundt 1890. Ein link er det her til vårt årsskrift: I årets Gamalt frå Suldal kan me lesa om ein engelskmann som kom til Sand som turist i 1890. Han tok seg ein tur nett til Allmannajuvet, og i ettertid har me lært at han kjende ein landsmann som arbeidde der. Dette vil me tru var nok direktør Collins.
Jordmorutdanninga er 200 år i år, og det vert markert med fleire artiklar om jordmorsoga i Sauda, frå hjelpekonene tidleg på 1800-talet like fram til i dag. Då heradsstyret i Sauda i 1844 skulle ta stilling til ei statleg henstilling om å tilsetja jordmor, vart det avslag. I sognet deira ligg ein stor del av gardane så avsondra frå kvarandre at det for vaksne sterke karar er aldeles uframkommeleg grunna snø og uvær. Så ein kunne berre førestilla koss det ville verta for eit fruentimmer. Soga om jordmødrene i Sauda vert ført like fram til i dag, ført i pennen av mange av dei sjølve.
Svein Helgesen, best kjend som Krf-politikar, sette aldri sin fot på fabrikken, derimot var han aktiv på bedehuset i sin oppvekst i Sauda. «Reisenotat frå bedehusland» har han kalla artikkelen sin om denne tida på 50- og 60-talet. «Kva så med trua» spør han til slutt. Han kjenner seg ikkje lenger på heimebane på bedehuset, men han takkar for den varierte nistekorga han fekk med seg frå Saudas «ulike former for kristelighet».
Som trykksak fekk Sauda sitt årsskrift eit skikkeleg løft då Ivar Oftedal (FRI-magasinet) overtok formgjevinga for eit par år sidan. Ei på alle måtar lekker bok!
– Bjarte Skipevåg, Suldal sogelag