Ny dato for møtet i Hellandsbygd: 7. september

På grunn av dårleg informasjon frå vegmyndigheitene, blei møtet sist tysdag avlyst. No blir det møte tysdag 7. september kl 1700 utanfor Storstov. Viss vêret blir dårleg, blir møtet inne.

Dei som treng skyss, kan ringje eller sende SMS til Kristoffer Nødland på 480 83 981

Ta med stol, mat og drikke. Gratis entre. Vel møtt.

Program og meir informasjon om møtet finn de her.

Hellandsbygd i sogelaget -UTSETT!

Tysdag opnar Sauda sogelag haustsesongen. Vi inviterer medlemmene til møte i Hellandsbygd. Då vil Tone Alise Årtun fortelje om det ho har kalla «Liv og lagnad i Hellandsbygd gjennom tidene». Få kan meir om historia til folket i «Bygda» enn Tone. Ho har lange og djupe familierøter her, og sjølv om ho vaks opp i Sauda, har ho budd i Hellandsbygd store delar av sitt vaksne liv. Saman med Sverre Almenningen har ho drive familiegarden her sidan 1981. No har ho seld garden. Og heldig for sogelaget, har pensjonisten Tone tid å setje av til å gå djupare inn i historia til nokre av menneska som har levd i bygda.Tone vil ta utgangspunkt i Hellandsbygd slik ho kjenner heimbygda si i dag. Så vil ho ta oss med tilbake i historia nokre århundrar, og kome inn på levekår, folketalsutvikling og einskilde skjebne i den vetle fjellbygda.

Vi satsar på at godvêret held seg, slik at vi kan møtast i friluft. Difor er det viktig at det som vanleg er på sogelaget sine utemøte, at medlemmene tar med stol, mat og drikke. Og skulle vêret snu vrangsida til, blir det innemøte i Storstov.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 31. august
  • Tidspunkt: kl 17:00
  • Oppmøte: Storstov

Oppdatering: Vegen til Hellandsbygd er heilt stengt, og me må difor utsetja arrangementet. Ny dato og informasjon kjem seinare.