Gode lesarar
I år er det særleg to historiske hendingar som pregar Sauda sogelag sitt årsskrift. Den eine er at det er 200 år sidan den organiserte utvandringa frå Norge til USA starta med den dristige ferda med sluppen Restauration i 1825. Den andre er at det er 80 år sidan andre verdskrig var slutt. Der nazistiske åket i Europa var knust, og også saudabuen kunne vere med og feire fred og fridom.
Det skulle gå 14 år før dei første frå Sauda, hedlingane Alis og Helleik Årtun og dei to små barna deira, følgde etter pionerane i Restauration. Seinare drog saudabuar i flokk og følgje over «Dammen». Fram til 1920 kom 1261 saudabuar etter. Dette har Tone Artun dokumentert med det imponerande lokalhis-toriske arbeidet hennar. Oversikten hennar om kven som drog, kven som blei, og kven som kom attende, har vi fått plass til i dette årsskriftet. Ein stor og varm takk til»Tone frå Sauda sogelag.
I årsskriftet kan de også lese om krevjande og dramatiske reiser over Atlanterhavet, om kor saudabuane slo seg ned i Amerika, kva dei arbeidde med, ja, i det heile, korleis det gjekk med dei i deira nye heimland. Liv Flokketveit let etter seg fleire manuskript då ho døydde i 2021. Ho var sju år då krigen braut ut og 12 år då han var over. Både ho, Bjarne Kjellevold og Johannes Brekke hugsar krigstida som barn. Og så delar Vegard Mjelkestøl, fødd i 1980, tankane sine med oss om det som skjedde både under og etter krigen, og om dei som ofra livet for fridomen vår.
Elles kan de lese om barndomsminne, om Salem si historia, om den smått legendariske Stokkedal som selde «pølser med knall» ved Nordelvbrua og ja, om mykje anna frå vår lokale historie.
Vi i skriftstyret har mange gode grunnar til å takke alle dei som har bidrege medartiklar i 2025-utgåva.
God lesnad!