I helvetes bakgård

Gjennom mine meir enn tretti år i «Avisa Ryfylke» møtte eg mange menneske som gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og som eg den dag i dag kan sjå føre meg der dei fortel om opplevingane sine.

I år er det 75 år sidan maidagen då Noreg, etter fem vanskelege krigsår igjen, kunne kalle seg eit fritt land. I det høvet fall tankane mine på eit møte med ein sterk mann som hadde overlevd mykje av det mørkaste og styggaste i oss menneske.

Ein kald novemberdag i 1989 tok Olav Lien plass i det eg kalla besøksstolen min. Han var den gongen ein godt vaksen mann, men minna frå krigsåra var krystallklåre. 

I høve jubileet for frigjeringa vil eg dela Olav Lien si historie med dykk.


av Wenche Pleym


Saudaguten Olav Lien var nett fylt 20 år då andre verdskrigen tok til å rulle inn over Europa i september 1939. Fram til april året etter var krigen noko nordmenn las og høyrde om. Men 9.april 1940 blei det alvor også for det norske folk. Tyske soldatar hærsette fedrelandet.

 

Krigen kom og til Sauda, ikkje i form av kampar, men i form av tyske soldatar som bygde stillingar på strategiske stader i bygda. I Saudasjøen blei arbeidet med å bygge ein fabrikk starta opp.

 

I Stavanger var det danna ei gruppe som dreiv illegalt arbeid under leiing av skipsreiar Goward Olsen. Med i denne gruppa var Olaf Paulus. I Sauda hadde han ein nevø, 22 år gamle Odd Friis Paulus. Ungguten blei kontakta med spørsmål om han ville hjelpe til å kartlegge dei tyske stillingane i Sauda. Odd Friis Paulus fekk med seg Olav Lien og Helge Omreng. Dei fotograferte tyske stillingar frå land og sjø. Kart over Sauda blei laga, og bileta lagt inn på kartet. Eit systematisk kartleggingsarbeid blei utført. Filmar og kart blei sende til Stavanger med kurer, der Olaf Paulus var kontaktmann.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er image002.jpg

14. juli 1945 kom Olav Lien til Sauda med båt frå Stavanger. Ryfylke skreiv om hendinga; «Til saman ni krigsfangar kom med ekstrabåt tysdag kveld. I Sauda hadde dei gjort alt dei kunne for å gje dei ei festleg mottaking. Det gjekk to ekstrabåtar utover til Storskjær for å møta dei. Sauda Musikkorps med Andreas Eide som dirigent var ombord i den eine båten. Då båtane møttest spela musikkorpset opp «Ja, vi elsker». Det var svart av folk på kaien og langt oppover gata då båtane la innåt. Heile bygda var møtt fram, og dei ni blei borne på «gullstol» til Rådhuset. På Rådhusplassen var den offisielle mottkinga leiea av sjefen for Heimefronten, S. M. Sørensen. (Foto privat)

Arrestasjonar

12. november 1942 blei Olaf Paulus arrestert i Stavanger. Berre to dagar seinare blei Odd Friis Paulus henta av politiet i Sauda. Olav Lien og Helge Omreng visste dei var i faresona. Truleg var også deira namn kjende. Lien hadde gøymd filmar og kart, som enda ikkje var blitt sende til Stavanger. Dette materialet blei no brent, og alle spor etter arbeidet blei viska ut.

Samtidig førde dei to ungdomane diskusjonar om det kan hende var best å stikke av. Men hausten 1942 hadde tyskarane innførd ein ny regel: Var ikkje den dei skulle arrestere å finne, tok dei gislar, som oftast foreldre eller søsken. Dei to unge gutane fann ut at dei ville bli og ta ansvaret sjølv.

4. februar var Olav Lien på besøk hos kameraten Oscar Johansen. Eit spanande bridgespel var i gang, då norsk politi banka på døra med arrestordren i handa. Første etappe på ei lang og umenneskeleg ferd var starta.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er image006.jpg

Olav Lien (t.v) og Odd Friis Paulus var bestekompisar. Dei to venene var 22 år gamle då dei kom med i ei motstandsgruppe som skulle kartleggja dei tyske stillingane i Sauda. Begge blei arrestert og sendt til fangeleirar i Tyskland. Berre ein av dei kom heim. Odd Friis Paulus blei igjen i Tyskland, og døydde 12. januar 1945, berre 26 år gamal. Biletet er henta frå lykkelege ungdomsår i Sauda, der dei to kameratane er på sykkeltur frå Sauda, til Sanda, opp Brattlandsdalen, vidare til Odda og så til Voss. Foto: Privat

Til Grini som fange 6602

Til Stavanger kom Olav Lien saman med Helge Omreng og ein annan saudabu, Harry Handeland, som begge var blitt arresterte same dag. I Stavanger krinsfengsel blei dei konfronterte, med Odd Friis Paulus, som framleis var der.

Det blei forhøyr, der dei blei tvungne til å sitte på huk medan utspørjinga gjekk føre seg.

Gutane la korta på bordet, også om at materialet i Sauda var øydelagd.

– Dei må ha trudd meg, for eg blei ikkje kalla inn til nye forhøyr, fortalde Olav Lien.

Etter 19 dagar gjekk turen, til Grini, der Olav Lien fekk fangenummer 6602.

– Her var det eigentleg ikkje så verst. Vi var germanarar og blei behandla bra. Lite visste vi korleis det var i Tyskland, men det vi visste, var at den dagen vi blei sende dit, var vår sak avgjort, ikkje fleire avhøyr og ingen dødsdom. Derfor håpte vi å bli sende til Tyskland, og vi rekna med at vi som nordmenn og germanarar ville bli behandla bra. Så lite visste vi, og så feil tok vi.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er image008.jpg

At dei to unge gutane, Olav Lien og Odd Friis Paulus, ikkje heilt skjøna omfanget av kva arrestasjonen innebar, vitnar dette veddemålet om. Den eine tippa dei var tilbake i Sauda etter tre månader, medan den andre var litt meir skeptisk og trudde dei ville koma heim etter seks månader. Så feil kunne dei ta.

Til Tyskland

Ein dag var Olav Lien sitt namn mellom dei som blei ropt opp for transport til Tyskland. Datoen var 30. september 1943. Saman med andre Grini-fangar blei han stua ombord i «Donau» med kurs for Stettin. Her blei fangane overført til tog som tok dei til Sachsenhausen. Dit kom Olav Lien og fangekameratane, mellom dei Harry Handeland, 4. oktober 1943.

Olav Line fortalde at etter ti dagar i leiren, var hans namn mellom dei som blei ropte opp. Med hyl og skrik blei fangane stua saman i kuvogner. I handa hadde dei kvar sin brødskalk, det var reisematen. Kuvogna var så full at dei mest ikkje kunne røre seg, og sitt fornødne måtte dei gjere i nokre dunkar som sto i ein krok. Berre å kome seg fram dit, var eit reint lite kunststykke. I to dagar varde turen. Ingen av fangane visste kor dei skulle, Natzweiler hadde ingen høyrd om.

Oversikt over leire Olav Lien var i gjennom dei åra han i tysk fangenskap. Her har han ført på fangenummeret sitt og datoar for når han kom og når han blei sendt vidare. Foto: Privat

 

Eit års mareritt i Natzweiler

I det vakre Vogesene, fjell-landskapet i grenseområdet mellom Tyskland og Frankrike, blei konsentrasjonsleiren Natzweiler anlagt i mai 1941.

I dette området fann dei tyske nazistane fin granitt og marmor som kunne brukast til alle dei store sigers-og minnemonumenta dei skulle reisa. Fangane i konsentrasjonsleiren skulle bryte steinen. Leiren var lagt i ein skråning med 50 meters høgdeforskjell mellom høgaste og lågaste punkt. På grunn av den store høgdeforskjellen blei leiren bygd i terrasser med ei brakke på kvar terrasse.

Fange 5354, Olav Lien, kom til Natzweiler 16. oktober 1943. Her skulle han bli mest eit år.

Det første som hende då dei kom fram til leiren, var at dei blei snaubarberte. Kvart minste hårstrå på heile kroppen blei fjerna. – Vi hadde det moro med å sjå på kvarandre, latteren runga. Men vi fekk raskt erfare noko anna, og latteren stilna. Arbeidet i steinbrotet var umenneskeleg. Kledd i tynne bomullsklede, 900 meter over havet i isande kulde, tåke og regn, måtte vi lempa stein, springe med trillebårer med svære hundar i hælane.

Olav fortalde at skinnet blei flådd av fingrane og hendene, og smertene var ulidelege. Han fekk det rådet å vaska hendene i urin, og det hjelpte. Stadig gnog svolten, dagsrasjonen var ikkje meir enn 350 gram brød og ein porsjon kålrabisuppe, langt frå nok til ein vaksen mann i tungt arbeid.

– Eg hugsar ikkje kor lenge eg arbeidde i steinbrotet, men ein dag blei eg overført til ein av hallane der flymotorar blei demontert. Det var ein god dag for meg, fortalde Lien.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er image001.jpg

I det vakre Vogesene, fjell-landskapet i grenseområdet mellom Tyskland og Frankrike, blei konsentrasjonsleiren Nazweiler anlagt i mai 1941. Hit kom Olav Lien midt i oktober 1943, og her blei han i mest eit år. (Foto privat)

På sjukestua med lungebrann

Olav Lien blei sjuk, fekk konstatert lungebrann og hamna på sjukestova.

– Eigentleg var eg heldig som blei sjuk og kom på sjukestova akkurat da. Medan eg låg der, blei alle fangane, kommanderte ut til avlusing midt på natta. Det var midtvinter og bitande kaldt, og dei utmagra menneska måtte kle seg nakne. Mange var det som den natta fekk seg ein knekk dei aldri kom over.

Etter opphaldet på sjukestova kom Olav Lien til ei ny brakke, kalla «Brakke 1». Her budde dei mest privilegerte fangane. Han fann aldri ut kven han kunne takke for at han kom dit.

– Kan hende var dette grunnen til at eg overlevde, undra han.

Olav blei no overført til ein utekommando som arbeidde i heimane til dei tyske nazistane i den vesle byen Rothau. Her hende det mest dagleg at han fekk ein matbete, og sin eigen rasjon kunne han dele med dei andre norske i leiren.

Kjenslemessig avstumpa

Kvar einaste dag døydde fangar i Natzweiler. Olav fortalde at han såg fangar som blei tatt ut av rekkene, til eller frå steinbrotet, for å bli skotne. Andre døydde av sjukdom, og mange blei hengde. Kvar gong nokon skulle hengast, måtte dei andre fangane stå og sjå på.

– Etter kvart blei vi så avstumpa i kjenslene at vi ikkje tenkte på det livet som skulle bli kutta over. Det vi tenkte på var å få det heile overstått, slik at vi kunne komme tilbake til brakkene, inn til varme og litt mat. Kanskje var vi ikkje avstumpa, men det var ein måte å verna oss sjølv på, for å kunne overleve.

Evakuering

Utover sommaren 1944 var spenninga mellom fangane i leiren til å ta og føle på. Allierte fly suste over leiren dagstøtt, fangevaktarane blei meir og meir skvetne og nervøse. Kva ville skje med fangane? Ville dei bli massakrerte?

31. august 1944 kom det forløysande ordet; alle fangane skulle gjera seg klare til å evakuere leiren. 1.september byrja marsjen med den vesle stasjonsbyen Rothau som mål for første etappen. Sjølve målet for evakueringa var konsentrasjonsleiren Dachau. Olav Lien og hans norske kameratar blei i denne leiren berre sju dagar, før turen gjekk vidare til Mauthausen i Austerrike. Opphaldet her blei og kort, berre 13 dagar, men det var 13 dagar med eit umenneskeleg slit i eit steinbrot.

186 trappetrinn førde frå leiren til steinbrotet, stein på stein blei bore opp. Greidde du ikkje børa, blei du skoten. Kvar einaste dag var det mange som døydde. Nokon ga berre opp og let seg skyte.  Sjølv tenkte aldri Olav Lien på å gi opp, han skulle heim.

Ny leir – nytt blodslit

I slutten av september 1944 blei 43 av nordmennene i Mauthausen overført til underleiren Melk. Mellom dei var også Olaf Paulus. I Melk blei det grove ut store hallar som skulle bli til underjordiske fabrikkar. Olaf Paulus var svært utmatta da han kom til Melk, og han døydde her 13. januar 1945, berre 26 år gamal.

Olav Lien fortalde at dei lett kunne sjå kven som snart skulle døy. Det høyres rart ut, men slik var det, sa han. Dei tok til å oppføra seg underleg, gøymde unna den vesle matrasjonen dei fekk, eller dei tok til å stå bak ei eller anna dør og be til Gud. Det var nett som dei kjente på seg at det gjekk mot slutten.

Utruleg samhald

Gjennom heile fangetida var det eit sterkt samhald mellom dei norske fangane. Dei hjelpte kvarandre, sto saman, delte sine små rasjonar med dei som var aller svakast. Dei oppmuntra og støtta dei som hadde det verst. Fekk ein nordmann det litt betre, kom det straks dei andre nordmennene til gode. Ingen andre nasjonar hadde eit slikt samhald som vi nordmenn, fortalte Olav Lien.

Dei kvite bussane

Midt i mars 1945 blei alle nordmenn sende tilbake til hovudleiren Mauthausen.

– Her blei vi regelrett gjødde opp, og vi lurte svært på kvifor. Rykta som gjekk i leiren, var at vi skulle sendast til fronten. Men ein dag, tidleg på natta, måtte vi stille opp og marsjere ut av leiren, og der sto «Dei kvite bussane».

– Gjennom Austerrike og Tyskland gjekk turen til Danmark. Her fekk vi pakkar med mat, og vi åt så vi blei sjuke.

2. mai 1945 rulla bussen med Olav Lien ombord, inn i Sverige. Her blei det slått fast at han var smitta av tuberkulose, og han blei lagt inn på sjukehus. Etter to månader blei han overført til Noreg og eit sanatorium i Asker.

Heim til Sauda

I Sauda blei det arbeidd for å få Olav Lien heim. I Suldal, på Hiimsmoen var det eit sanatorium, og her fekk han plass. Men først skulle han  heim til Sauda ein tur. 14. juli 1945 gjekk han ombord i båten i Stavanger. Han var åleine. Då båten nærma seg Saudasjøen, blei han var at flagga gjekk til topps, og på kaien i Sauda var det fullt av folk med norske flagg og mykje glede.

 

– Det var godt å vere heime igjen, avslutta Olav Lien historia si denne novemberdagen i 1989.

Eit møte eg aldri vil gløyme.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er image010.jpg

Olav Lien fotografert i Ryfylke sin redaksjon i november 1989. Han var då 70 år gamal. Foto: Wenche Pleym


Artikkelen finn du også i årsskrift 2020.