I år er det særleg to historiske hendingar som pregar Sauda sogelag sitt årsskrift. Den eine er at det er 200 år sidan den organiserte utvandringa frå Norge til USA starta med den dristige ferda med sluppen Restauration i 1825. Den andre er at det er 80 år sidan andre verdskrig var slutt. Der nazistiske åket i Europa var knust, og også saudabuen kunne vere med og feire fred og fridom.
Det skulle gå 14 år før dei første frå Sauda, hedlingane Alis og Helleik Årtun og dei to små barna deira, følgde etter pionerane i Restauration. Seinare drog saudabuar i flokk og følgje over «Dammen». Fram til 1920 kom 1261 saudabuar etter. Dette har Tone Artun dokumentert med det imponerande lokalhis-toriske arbeidet hennar. Oversikten hennar om kven som drog, kven som blei, og kven som kom attende, har vi fått plass til i dette årsskriftet. Ein stor og varm takk til»Tone frå Sauda sogelag.
I årsskriftet kan de også lese om krevjande og dramatiske reiser over Atlanterhavet, om kor saudabuane slo seg ned i Amerika, kva dei arbeidde med, ja, i det heile, korleis det gjekk med dei i deira nye heimland. Liv Flokketveit let etter seg fleire manuskript då ho døydde i 2021. Ho var sju år då krigen braut ut og 12 år då han var over. Både ho, Bjarne Kjellevold og Johannes Brekke hugsar krigstida som barn. Og så delar Vegard Mjelkestøl, fødd i 1980, tankane sine med oss om det som skjedde både under og etter krigen, og om dei som ofra livet for fridomen vår.
Elles kan de lese om barndomsminne, om Salem si historia, om den smått legendariske Stokkedal som selde «pølser med knall» ved Nordelvbrua og ja, om mykje anna frå vår lokale historie.
Vi i skriftstyret har mange gode grunnar til å takke alle dei som har bidrege medartiklar i 2025-utgåva.
Sogelaget vil med dette ønskje alle ei god jul og eit godt nytt år!
Takk for alle som har følgd oss i året som har gått - håpar de blir med oss vidare i 2026!
Biletet viser eit nybygd Sauda Turisthotell (fjordhotellet) i 1915. Georg T. Monsen er fotograf, og det tilhøyrer samlinga til Stavanger byarkiv. Til høgre er ein kolorert versjon (fargelagd ved hjelp av KI). Dra pila til høgre/venstre for å sjå original vs kolorert utgåve.
Tysdag 25. november er det igjen sogelagsmøte i Folkets Hus. Men denne gongen blir det ikkje med dekte bord og sogelagsmat. Det blir konsert – sogelagskonsert. I programfoldaren vår heiter det Poeten Arthur i ord og tonar, presentert av Sigmund Andersen og Oskar Waage-Pettersen. Og dei to har fått med seg eit elitelag av lokale musikarar. Saman byr dei på konsert i Storesal.
– Arthur var poet og han skreiv med scenebiletet og den dramatiske effekten for auga, seier Sigmund.
Arthur døydde i 2017. Sigmund var kollega, ven og «revyundersått». Difor vil sogelagskonserten vere Sigmund og Oskar sin måte å heidre minnet etter Arthur.
Etter konserten blir det tid for ein liten drøs mellom stolradene, før skriftstyraren slepp til og presenterer det 45. årsskriftet frå sogelaget. Dei som ønsker det, kan også få kjøpe skriftet før dei går heim i novemberkvelden. Billettar får de kjøpt på saudakultur.no og på Biblioteket.