1 – Fjordhotellet

Fjordhotellet – frå turisthotell til tysk hovudkvarter

Rundt århundreskiftet var den såkalla “landliggjartida”. Det var på den tida at Saudasjøen – “Ryfylkes Hardanger” – blei oppdaga som turistmål. I denne perioden blei Turisthotellet (fjordhotellet) bygd, og turistnæringa var ei viktig attåtnæring for bøndene. Biletet av Saudasjøen som den vakre perla inst i Ryfylke endra seg totalt med andre verdskrig.

​Dei mange tilreisande sette sitt preg på bygda i sommartida i desse åra. Ein viktig grunn til at så mange byfolk fann vegen inn til denne fjordbygda, var at rutebåten i 1880-åra tok til å vitja bygda tre gonger i veka.

Dei fleste turistane kom frå Stavanger, og talet på sommargjester var så stort at det blei sagt at det budde byfolk i mest kvart hus i Ytrabygdå (Saudasjøen). På denne måten fekk gardsfolket ei kjær-kome ekstrainntekt. Turistbygda Sauda blei ofte omtalt i avisene.

Krigstid

Turisthotellet i Saudasjøen – fjordhotellet – var eigentleg tenkt som reservesjukehus for saudabuane, og kjellaren der var gjort i stand som tilfluktsrom. Eit Røde Kors-flagg var gjort klart i slutten av april 1940 og skulle setjast opp på taket og skjermast med tjørepapp til hotellet var tatt i bruk til dette formålet.

Men så langt kom det aldri. Då tyskarane kom, kamuflerte dei heile hotellet med grøne buskar og tok det i bruk som bustad for høgare tillitsmenn og offiserar.

At hotellet blei okkupert av tyskarane skapte problem for tilreisande til Sauda. Kommunen forsøkte å stilla krav om at somme rom på hotellet skulle stå til disposisjon for tilfeldig reisande, men slik blei det ikkje. Då husløysa i bygda var som verst, fekk folk som kom til Sauda om kvelden slå seg ned i vestibylen på Rådhuset over natta.

 


Gå videre til neste punkt i løypa

1 Fjordhotellet 6 Koblingsstasjonen
2 Sjøen 7 Risvoll
3 Stillingar 8 Fosstveitdammen
4 Fabrikkgata 9 Hovland
5 Nesøyra 10 Russarbrua