21. november i fjor inviterte Sauda sogelag til møte i Folkets Hus under overskrift «Bjørn Ljung, vår eigen poet i ord og tonar». Dei som presenterte den folkekjære saudapoeten frå scena var Judith Landa, Oskar Waage-Pettersen, Sigmund Andersen, Lena Sjursen Haugland, Lillian Nordengen og Oddwar Wiersen. For ein fullsett Storesal blei førestillinga ein kjempesuksess. Det kom raskt krav om at sogelaget må få sett dikta og songane på prent og gjere dei tilgjengeleg for langt fleire enn dei 175 tilhøyrarane som var til stades denne kvelden.

Skriftstyret syntest dette var ein god idé som vi med stor glede har følgt opp. Sigmund Andersen tok på seg oppdraget. Saman med kona til Bjørn, Liv Kari Sollie, har dei lese og sortert i Bjørn sitt rike mangfald av dikt og songar. Vi takkar dei begge for at dei har opna denne lyriske skattekista for oss saudabuar.
I år er årsskriftet prega av dei lange historiene og av det ein må kunne kalle «barndomsminne». Marit Johnsen-Høines, Ivar Molla og Tor Geir Molla har minne frå oppvekst og hytteferiar eit stykke ut i Sauda-fjorden, på Molla. Eigersundaren Sigmund Birkeland, som budde i Sauda dei første leveåra, kom attende til Birkeland og familien der i alle skuleferiane. Det har han mange gode minne frå. Tore Næss Øye skriv ikkje så langt. På knappe tre sider fortel han om den store reisa ut i verda – heilt til Røldal drog tiåringen. Mykje var framandt for han der, det var ikkje alt dei sa han forstod. Ikkje rart at han då lurte på om dei snakka norsk i den avsides fjellbygda.
Vi har også gleda av å presentere Signy Christensen sine minne frå skulegangen på Risvoll skule frå 1939 til 1945. Elles ser vi at det er etterkrigstidas lokalhistorie som pregar årsskriftet. Sydamene i Sauda har fått si velfortente historie skriven av barn og barnebarn. Og både Gerd Astrid Djuv Melstveit og Tarald Aano skriv om fedrane sine, høvesvis hestehandlaren Ola Djuv og stortingsrepresentanten Jakob Aano. Ester Pettersen minnest oppveksten i Sauda-sjøen på 1950- og sekstitalet og Vigdis Lian hugsar enno kinokøen som strekte seg langt ut på fortauet, myndig overvaka av vakthavande lensmann. Det var i kinoens glansdagar, lenge før heimevideo og streama filmar privatiserte filmopplevingane.
Ikkje alle forfattarar og artiklar skal nemnast her. I eit tjukt og rikhaldig årsskrift som dette, vonar vi at alle lesarane våre vil finne noko av interesse. Og så takkar vi alle som har bidrege i den 44. utgåva av Årsskrift for Sauda sogelag.
God lesnad!



