Skal du gi årsskriftet i julegåve?

Fredag 15. og laurdag 16. desember er dei siste dagane for adventbokhandelen i Skulegata. Opningstid: kl 12-14.

Etter dette vil Årsskrift 2023 vere til sals hos Companiet eller du kan bestilla det på nettsida vår.

Merk: Bur du utanføre Sauda og skal ha pakka tilsendt i posten vil det vera Posten sine fristar som gjeld: 19. desember (til adresser i Sør-Noreg) og 15. desember (til adresser i Nord-Noreg).

Omtale: Sauda sogelags årsskrift 2023

Sauda sogelag er eit svært aktivt lag som har kome med årsskrift i heile 43 år. I årets rikhaldige utgave vert det markert at det i år er l00 år sidan smelteverket starta opp.

Fabrikken, som skulle bli hjørnesteinsbedrifta i nabokommunen vår og gi sikkert arbeid til, mellom anna, mange utflytta suldøler opp gjennom åra. Og som har gjort alle spådommar om tungindustrien sin snarlege død til skamme.

Vegen over Røldalsfjellet

Me har då endeleg kjørt over Røldalsfjellet nokre gonger gjennom åra. Ståle Lunde skriv om førehistoria til vegen, og om bygginga. Vegen vart opna i 196o av Trygve Bratteli, han var samferdselsminister då. Men me forstår at han viste liten entusiasme for denne oppgåva. Ingen hadde høyrt kortare Takk for maten-tale under festmiddagen.

Levande om legen og husmannstida i Hylsfjorden

Olav Gramstad var lege i Sauda ein mannsalder, fram til 1975. Sonen Sigved skriv levande om faren, som var son til presten på Sand, og vaks opp her på strandstaden. Nokre travle år var han doktor i Suldal i tillegg.

Lars Olav Fatland har store kunnskaper om husmannstida i vårt distrikt, særleg langs Hylsfjorden. Han skildrar livsløpet til tre personar med husmannsbakgrunn, som alle hadde eller fekk ein link til Sauda. Ei av dei var Brita Njelsdotter frå Hellandsbygd, som vart buande det meste av sitt strevsame og lange liv i Tengesdal. Ho blei 107 år gamal.

«Faster By’ n»

Kåre Rød fortel om «Faster By’n», ei jente frå enkle kår på Teig, men som vart så «godt gift» at ho arva «halve Stavanger», som det heitte seg. Men ho gløymde ikkje heimbygda si og delte raust.

Me kan notera oss nok eit solid og forvitneleg årskrift frå Sauda med andre ord.

Bjarte Skipevåg, Suldal sogelag

Bokmelding: Årsskriftet 2023

Den 43. skriftsamlinga i rekka frå Sauda sogelag er eit nytt «må ha» for alle med interesse for Sauda-historie.

Knut Atle Seim, Ryfylke 21.11.2023

Medan dei yngre generasjonane gler seg til jul, går mange vaksne saudabuar og ser fram til at Sauda sogelag sitt årsskrift igjen skal koma i handelen. For dykk som må venta ein dryg månad før de kan pakka ut den «obligatoriske» bokpakken som ligg under treet: Det er mykje å gleda seg til, i år òg.

Årets skriftsamling inneheld nokreogtjue historier, litt etter korleis ein tel, er på 152 sider og blir trykt i 600 eksemplar. Skriftstyrar i år, som i fjor, er Kirsten Hellerdal Fosstveit.

«Faster By’n» og Dokter Gramstad

Blant godbitane i årets samling er fortellingane om to markante personar, der spesielt den eine er velkjend for mange saudabuar; distriktslege Olav Gramstad.

«Dokter Gramstad» var i over 40 år for ein institusjon å rekna i saudasamfunnet. Alle visste kven han var, dokteren var «alltid» på jobb. Gramstad blei eigentleg pensjonist i 1975, men heldt fram med eigen praksis og som lege for Høllandsheimen fram til 1985.

I februar 2020 kåserte sonen, Sigved Gramstad, om faren sitt liv og virke under Sauda sogelag sitt møte i Eldresenteret. Med nokre små endringar står kåseriet på trykk i årets skriftsamling.

Kåre Rød går litt lenger tilbake i tid når han fortel om Ragnhild Berentsen Hølland, fattigjenta frå Teig som gifta seg til rikdom i Stavanger. «Faster By’n», som mange av dei eldste saudabuane i dag hugsar henne som, var ei spesiell kvinne som mellom anna viste omsut for fattige.

Artikkelen er, trass mange detaljar og namn, eitt av årets høgdepunkt. Særleg fordi Rød knyter fortellinga opp mot nåtid gjennom bygningar og nålevande saudabuar.

Fornøyeleg om folk

Årets sogebok har fleire gode fortellingar om personar. Det er fornøyeleg å lesa om Nikolai Aarthun frå Hellandsbygd, som kvart år køyrde moped då han besøkte søstera i Hjelmeland – og som saman med kompisen Karl Handeland dukka opp i ein heilsides annonse for Gilde i «Se og Hør» i 1996. Det same gjeld fortellinga om sørafrikanske Dennis Greentree, som fann kjærleiken i Sauda i 1953. Begge desse historiene er ført i pennen av den tidlegare aftenbladjournalisten Jone Laugaland, som på sin eigen blogg har fortalt tallause historiar frå Ryfylke, spesielt om fjordatrafikken.

Ein annan kjend bloggar, Jan Gravdal, er også bidragsytar i årets samling. Gravdal, i ei årrekke journalist i Haugesunds avis, budde i Sauda mellom 1960 og 1970 og har skrive tallause fortellingar herfrå, mellom anna frå smelteverksmiljøet.

Interessante «pliktløp»

Enkelte delar av lokalhistoria er velkjend for mange saudabuar. Dermed vekker verken historia om Røldalsvegen eller om fredinga av fredinga av Folkets Hus umiddelbar begeistring når dei dukkar opp på innhaldslista.

Begge desse kan gjerne oppfattast som «pliktløp» som gjerne bør vera med i ei skriftsamling ein eller annan gong. Jan Windsholt sin tekst om Folkets Hus er imidlertid ei god og ryddig oppsummering av ei viktig historie. Og Ståle Lunde si fortelling om korleis vegen mellom Sauda og Røldal blei til, innehald både utdjupande fakta og nye bilde. Særleg skildringa av den heftige feiringa av vegopninga i juli 1960 gir lesaren eit interessant perspektiv.

Husmannstid og nåtid

1800-talet er husmannshundreåret i Norge, skriv Lars Olav Fatland. Han skildrar liva til tre personar frå husmannskår langs Hylsfjorden. Fatland skriv som vanleg levande og godt.

Ei anna husmannshistorie blir servert av Ivar Andreas Molla, om plassen Skjepaskar under Molla.

Roar Lund har henta fram eit «bilde» av Sauda den gong bygda mellom anna hadde 16 kolonialbutikkar (!) og fem (!) fiskehandlar, eit artig perspektiv til dagens lokale næringsliv. Og så får lesaren vera med Kjartan Fløgstad på villspor i Etne/Saudafjella i det som må vera den «soga» som ligg nærast opp til utgivaråret for eit årsskrift nokon gong. Underhaldande er det, uansett.

Årets skriftsamling skil seg noko frå forgjengarane ved at relativt mykje av innhaldet er publisert tidlegare. Desse artiklane står seg imidlertid godt i ei utgiving som er akkurat det ho gir uttrykk for å vera – ei skriftsamling.


Adventsbokhandel 2023

Velkomen til adventsbokhandelen vår!

Me opnar fredag 24. november og held ope mellom kl 1200 og 1400 fredagar og laurdagar til og med 16. desember i lokala til Bryne’s konditori (Skulegata 6).

Prisliste

Årsskrift Sauda sogelag 2023300 kr (medl. 250 kr)
Gamalt frå Suldal 2023250 kr
Vindetreet270 kr
Årbok Rogaland historielag 2023395 kr
Mads Drange: «Lungebrannen»300 kr
Årbok Ryfylkemuseet: «Ryfylkehumoren»250 kr
Geir K. Hus: Stikkvegar frå E 134449 kr
Fritjof M. Pedersen: En vandrers testamente395 kr
Lars Olav Fatland: Ekko frå levd liv (Dikt)150 kr
Lars Olav Fatland: Kvinneliv150 kr
Torunn Djuvik: Jordmødrer i Sauda200 kr
Myklebust/Klungtveit: Nenad490 kr
Rivedal: Minnebok. Om Ingeborg Bakka270 kr
Arne Skogerbø: Historier frå Ryfylke150 kr
Børge Lund: «Da var det helg»399 kr
Julehefte Lunch85 kr
Bordkalender Lunch349 kr
Veggkalender Lunch269 kr
Termometer Sauda sogelag400 kr

Bestill bøker

Bøkene kan bestillast via bestillingsskjema, eller ved å senda epost til sauda.sogelag@gmail.com

Nytt årsskrift i sal nå!

I år markerer me at det er hundre år sidan første tapp på smelteverket i Sauda. Endeleg kom ein i gong med produksjon på det som sidan har vore hjørnesteinsbedrifta i lokalsamfunnet vårt. I årsskriftet har me tatt med ein artikkel som blei skriven for hundre år sidan. Avisa Stavangeren sende ein journalist inn fjorden for å skriva om oppstarten av produksjonen. Artikkelen fekk tittelen «Kjæmpen i Sauda begynder at arbeide». I dag, hundre år seinare, held framleis «kjæmpen» det gåande.

Ei anna kjempe me vil feira i dette årsskriftet, er Folkets Hus. Undertittelen kunne vore «nitti år med dugnad». Fredag 25. august i år stod Riksantikvaren på scena i storesalen og erklærte Folkets Hus for freda. I talen sin framheva ho dugnaden som har følgd huset i alle år: «Jeg vil takke alle dere som står bak den gode dugnadsånden i Sauda. Både de som den gang bygget Folkets Hus, dere som fyller huset med innhold og liv og alle dere som bidro til restaureringen.»

Dugnad i nitti år. Nedst er bilete frå tomta med dugnadsfolk som haldt på med grunnarbeid ca 1930. Øvst er dugnadsfolk med og skrapar maling og pussar dei gamle dørene under restaureringa i 2016-18.

Framsida av årsskriftet viser gateliv i nedre del av Rådhusgata på midten av 1900-talet. Roar Lund skriv om dei mange butikkane på denne tida, og spør «Kor blei det av alle dei gamle butikkane i Sauda?». I dag ser me fleire stengjer dørene i sentrum, sist familiebedrifta «Bryne’s konditori». Kanskje bør me læra noko av 1950-talet , då ein handla så godt som alt lokalt.

Elles spenner årsskriftet som vanleg breidt i tema – her skal det vera noko for alle. Me får lesa om bondelivet i artiklane om husmannsplassen på Molla og om livet i Hylsfjorden. Ulike personlegdomar blir portrettert: Ein matros frå Afrika som fall for ei butikkdame i Sauda, Faster By’n, Nikolai Aarthun frå Hellandsbygd og distriktslege Olav Gramstad – for å nemna nokre. Køyretøy og vegar er tema for to tekstar: Lars Njøten fortel om ein trøbil medan Ståle Lunde skriv om Røldalsvegen. Kjartan Fløgstad tar heller føtene fatt og vandrar mot himlaleitet. Også Guri Ravatn ser mot himmelen, men meir symbolsk, i sin tekst om aftanbøn i Ryfylke.

God lesnad!

Årsskriftet kan også kjøpast i adventsbokhandelen vår: Me opnar fredag 24. november og held ope mellom kl 1200 og 1400 fredagar og laurdagar til og med 16. desember i lokala til Bryne’s konditori.