St. Hans i Saudasjøen – eit kjært barndomsminne

Som utflytta Saudabu, oppvaksen «me’ Sjøen» på 50-60-talet, er St. Hans-feiringa eit av mine kjæraste barndomsminne: Oppmøte på Solstrand ute i Svingen, brurepar, masse blomar, tog, musikkorps og til slutt familiefest med bål og svidde pølser og leikar og moro på campingplassen.


Artikkelen er skriven av Guri Ravatn, og stod på trykk i årsskriftet 2020.

Startskotet til arbeidet med artikkelen var at Anne Marit Mong Aalvik i juli 2019 la ut eit bilete på Facebook-sida Gamle Sauda. Biletet var frå feiringa i 1969. Tvillingane Marie og Geir Steinsvåg var brurepar, og morfar til Anne Marit, Gunnar Tveitane, stilte med hest og karjol og skyssa brureparet.  

Same veka var eg i Sauda ein tur og møtte tilfeldig barndomsvenen Lars Njøten, saman med «tidlegare brudgom» Geir Steinsvåg. Eg fortalde at eg hadde sett han på Facebook – og dermed var me i gang med mimring. Der og då forplikta eg meg til å ta initiativ og gjera ein innsats for å ta vare på minna om denne tradisjonen.  

Facebook som folkeminneinnsamlar 

Sidan startskotet til dette arbeidet starta på Facebook (FB), tenkte eg det kunne vera moro å testa ut kor langt ein kan nå ut, og kor mykje det er mogleg å samla inn, berre ved å bruka FB.  

Så, i arbeidet med denne artikkelen har eg berre nytta FB, med nokre få unnatak, der bilete og litt tekst er sende på e-post. FB er både utskjelt og hylla, men i dette arbeidet har FB vore ein fabelaktig kanal for å samla inn folkeminne frå min barndom.  

Same kveld la eg denne meldinga ut på FB-sida Gamle Sauda: 

«I dag var eg i Sauda. Møtte Lars Njøten og Geir Steinsvåg og kom i snakk om barndomsminne, om barnebrurepar osb. Dette er tradisjon som bør skrivast om. Så….. folkens: Skriv inn minne om St. Hans i Saudasjøen, legg inn bilde og skriv inn kven som var brurepar ulike år.» 

Skal seia eg fekk respons! Mange la inn minne og bilde frå barndommens St. Hans-feiring. Dermed tok eg kontakt med Sauda sogelag, og her kjem resultatet av arbeidet og engasjementet til mange.  

Barndomsminna har ulike farge 

Me er mange som har minne og opplevingar knytte til feiringa. Me hugsar ulike ting. Det som har vore viktig for ein, er gjerne uvesentleg for ein annan. Det me har bite oss merke i, varierer frå person til person. Difor er det ikkje lett å finna den korrekte, objektive sanninga. Eg prøver likevel etter beste evne å gjenskapa ramma rundt mine og andre sine personlege minne. Det eg skriv er farga av mine opplevingar, og så får du som les måla dette opp mot eigne minne.  
 
Eg vel å konsentrera meg om tida frå oppstart i 1953 og fram til 1973, om lag då eg flytta frå Saudasjøen. Etter det eg har funne ut, dabba det av med feiringane på 70- og 80-talet. Frå 1985 vart feiringa flytta til Lyngmyr, med skyttarlaget og Ny Von som arrangørar. Siste gong det var feiring var i 2000.    

Lista over brurepar har eg pusla saman etter dei opplysningane som har vore mogeleg å få tak i. Det er «nokre hol», kan hende dei kan fyllast i til neste årsskrift? 

Borghild Øverland  

Ei kvinne vil for all tid og for alle, vera assosiert med St. Hans-feiring i Saudasjøen: Borghild Øverland. «Fru Øverland»- som eg sa – var fødd i 1901, og foreldra var Synneva og Johannes Lutro. Ho var frå Hardanger, oppvaksen på Apold og budde seinare i Odda. Ho gifta seg med Nils Sandofsson Øverland. Paret busette seg på Solstrand i Saudasjøen. Mange hugsar han som banksjef. Han var fødd i 1903 og døydde i 1966. Borghild Øverland døydde i 1981. 

I Hardanger var det tradisjon med barnebryllaup, og denne ynskte truleg «fru Øverland» å starta opp med i Saudasjøen. Slike barnebryllaup er mest kjende frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I Hardanger seier dei «Jonsok». Det var nemninga i Sauda-dialekten og, men etter kvart var det St. Hans me sa. 

Oppstart  

Det aller første bryllaupet var i 1953, med Synnøve Risvoll, fødd i 1943, som brur og Hermod Fristad, fødd i 1945, som brudgom. I e-post til meg skriv Per Gunnar Øverland, son til Borghild og Nils: «Det er ikkje så mykje eg hugsar frå jonsokfeiringa, anna enn at brurene vart pynta heime på Solstrand, og at det var stort frammøte av folk som ville vera med på feiringa. Mor mi laga «bunad» og krone til brura. Trur ho brukte ein lampeskjerm-haldar som ho pynta med band og perler til krone. Det var eit ganske stort brurefølge på veg til «anlegget» som me kalla det. Der var det laga eit stort bål som brann vel og lenge. Elles hugsar eg leikene som vart haldne for oss ungane.» Dette er nok den ramma mange av oss hugsar rundt feiringa.  

Av annonsar eg har funne i gamle Ryfylke, ser det ut som at Risvoll skule sitt foreldrelag og truleg også Saudasjøen skulemusikklag var med som arrangørar på eit eller anna vis. Me barna bekymra oss ikkje så mykje om det, berre det vart feiring med brurepar og bål! 

Første brurepar var i 1953 med Synnøve Risvoll som brur og Hermod Fristad som brudgom. Borna rundt er bruresveinar, brurajenter og ”pyntekoner”. Dette var vanleg i Hardanger. Frå venstre står Per Gunnar Øverland, Berta – Marie Risvoll, Ingebjørg Fosstveit og Tordis Stuvik. Den vesle guten er truleg Tor Egil Birkeland. (Eigar: Per Gunnar Øverland)

Brurepara  

Brurepara var i alderen 8 til 11 år. For det meste vart brureparet vald ut mellom dei som gjekk i fjerde klasse og som skulle over i femte klasse etter sommaren. Men det var og andre variantar.  

Det var alltid knytt stor spenning til kven som skulle vera brurepar, særskild for jentene. Mang ei jente har hatt draumen om å bli pynta av fru Øverland for så å bli beundra for ein kveld. Det var ikkje vanskeleg å skaffa brur. Her var nok køen av villige heller stor og skuffelsen over å ikkje bli den utvalde enda større.  
På gutesida var det nok annleis. Det var helst flaut for ein gut å seia ja til å vera brudgom og å måtta gå med ei jente og gjerne leia ho i handa i prosesjonen.  

Brura hadde fin «brurebukett» av markblomar og var kledd i bunad og krune laga av Borghild Øverland. Brudgomen hadde helst vanlege finklede, fram til Gudrun Njøten i 1966 sydde høvelege klede til sonen Rune, som var brudgom det året.  

Neste par ut i 1954 var Reidun Flåte og Harald Espevik. Brurajenter er Minda Espevik t.v og Hildegunn Fosstveit t.h. (Eigar: Harald Espevik)
Torunn Fosstveit og Åge Rødsaas, 1957. (Eigar: Åshild Rødsaas)

Opptoget 

Togruta var frå Solstrand over Hovland og til «anlegget», om lag der campingplassen er nå. Dei første åra gjekk brureparet, seinare vart det ordning med hest og ein fint pynta karjol og hestekar. Gunnar Tveitane hadde denne oppgåva i fleire år, seinare overtok Gunnar Rafdal. Bryllaupstralla frå Veka vart nytta. Brureparet kom først, deretter kom «ungane i Saudasjøen» og dei vaksne. Eg kan hugsa at me jentene hadde på oss bunad – tilsvarande 17.mai-stasen – dersom me hadde det. Me jentene hadde i dagane før plukka markblomar og levert på Solstrand, slik at det var blomebukett til å bera for dei som ville. Nokre år stilte Saudasjøen skulemusikkorps opp og skapte ekstra fest over feiringa.  

Toget gjekk ved nokre høve rundt Sauda Fjord hotell, dette for å visa turistane den norske kulturen. På 50-60-talet var det mange turistar frå England som budde på hotellet over tid.  

I 1959 gjekk toget rundt hotellet. Brurepar er Torhild Risvoll og Tore Næss Øye. Bak paret er Mette Rolfsen, Astrid Rydningen og me ser og artikkelforfattaren sin nasetipp og sko. Til høgre for toget er Rigmor Rolfsen, ukjend og Borghild Øverland. (Eigar Guri L. Ravatn)

Feiringa på campingplassen 

I dagane før feiringa vart det laga til eit stort bål. Her hadde alle høve til å kvitta seg med allslags «rape». Ved behov vart bålet dynka med bensin, tent på, og så var festen i gang. Etter som eg hugsar, stilte heile familiar opp. Me hadde med oss teppe til å sitja på og sjølvsagt mat og saft og kaffi. Me spidda pølser på bålet. Det vart jysla varmt, slik at pølsa gjerne var svart utanpå og kald inni, hadde ein liten eim av bensin og smakte himmelsk!  

Og så var det leikar! Ekstra kjekt var det når vaksne var med og leika. Om eg ikkje hugsar feil, var det sekkeløp og potetløp, som på 17. mai, og så var det alle songleikane: «Slå på ringen» og «Tyven – tyven» er dei som har sett seg på minnet. Draumen og ønsket var å bli slått på eller teken av nett den – eller den eller den – guten, i halvmørket ved bålet. Nokre år var det trekkspelmusikk til leiken og dansen. Toralf Olsen var ein av dei som laga stemning på den måten.  

I 1963 var det ein flokk engelske turistar som kom ned på plassen og var med i aktivitetar. Me ungane lærte dei songdansar som Per spelmann og andre, og dei lærte oss engelske songdansar. Me ungane «spika inglish» i lag med desse vaksne, og det var så kjekt! Dette minnest eg – og fleire med meg – med stor glede!  

Feiringa varte til foreldra bestemte at nå måtte me koma heim. Og det var aldri kjekt å vera den som måtte gå først!  

Først på 70-talet vart feiringa flytta til fotballbanen borte på anlegget. Dette hadde truleg med utbygging av campingplassen å gjera. Seinare har det vore feiring på Lyngmyr.  

Utveljinga av brurepar  

Det har vore litt vanskeleg å få tak på korleis brurepara vart valde ut. I oppstarten var det fru Øverland, sikkert i samråd med naboar som valde ut. Dei aktuelle var jo då på same alder som sonen Per Gunnar. Då var brur og brudgom nokre gonger fødde same året, nokre gonger i ulike år. Seinare, kring 1965, tok skulen over. Då var brur og brudgom frå same klasse, sommaren mellom fjerde og femte klasse.  

Utvalde minne  

Synnøve Risvoll var den aller første brura, saman med Hermod Fristad. Ho skriv: Eg hugsar enno at eg blei spurt om å vera jonsokbrur medan eg var ein tur på butikken. Det var noko nytt, og eg var jo spent på dette og sa meg villig til å vera brur. Det var ein fin og varm jonsokkveld. Brurestasen passa godt og var veldig fin. Brurekrona sat ikkje så godt på hovudet. Eg trur den var laga av lampeskjerm og fint pynta. Brudgommen var også fint kledd i dress. St. Hans-opptoget starta frå tunet til Borghild. Me gjekk over Hovland og ned der campingplassen er no i Saudasjøen. Eg var litt redd for kruna som eg følte ville gli av hovudet, men det gjekk heldigvis bra. Mor hadde laga krøller i håret med hjelp av krølltanga som blei varma på omnen. Brudgommen syntest det var litt ekkelt å halde meg i handa på grunn av alle vortene eg hadde då! Kan ikkje hugse om det var Saudasjøens musikklag som spela i opptoget eller om det var felespelar Birkeli! Men det var mange i bygda som var med og gjekk. Det var laga til eit stort bål på anlegget, som me sa då. Det var stor stas då det vart tent og me kunne kose oss i godt lag med leiker og medbrakt mat og drikke. Kjenner framleis varmen og spraking frå bålet 67 år etter! Det var ein fantastisk fin og varm kveld og ei flott oppleving for ein 10-åring som fekk vera jonsokbrur for fyrste gong i bygda. Hugsar eg fekk karamellar etter at det heile var over! 

Per Gunnar Øverland skriv: Sjølv var eg brudgom saman med Elsa Øyen. På bildet ser det ut som me er svært nøgde med “dagen”. Me gjekk antakeleg i 4. eller 5.klasse, så vi var 10-11 år gamle; altså 1955 eller 56. Eg kan hugsa at gutane ofte måtte godsnakkast med for å “stilla opp” som brudgom. På den tida var det litt flaut å gå saman med ei jente; så tida har endra seg!  

Margrethe Neeraas har desse minna: Det var alltid knytt stor spenning til kven som skulle få tildelt rollen som brur. Borghild Øverland var primus motor og eigar av bunad og krone. Eg er 1950 modell og meiner å hugse at det var i tredje klasse me vart «utplukka». Då vart eg beden om å besøke Borghild – for å takke ja og å tilpasse bunaden. Dette var konfidensielt til tett på dagen. Knut Saua var min brudgom. Dagen starta med oppmøte hjå Borghild Øverland. Der vart me pynta og instruerte om ruta me skulle gå, ikkje hest og kjerre då. Opptoget gjekk frå huset til Øverland, over Hovland, til Risvoll og vidare nedover til campingplassen. Dette var nok i 1960 

Ingvar Botnen, skriv dette då eg utfordra han på minnet om å vera brudgom i 1961: Korleis eg opplevde å vera brudgom? Eg vart vel pålagd å vera det av ein nokså entusiastisk far, og gjorde det, men ikkje av lyst. Eg var brydd og utilpass med det, og då det var over, kom eg meg ut av rolla så fort eg kunne. Det var Tori Vigeland som var brur, og eg trur ikkje ho syntest noko om innsatsen min, for sjølv om ho strengt sa til meg at eg skulle halda henne i handa, så nekta eg. Så omtrent sånn var det, sett frå mi side! 

Åshild Rødsås var brur i 1962 saman med Torbjørn Hovland. Ho skriv: Jeg husker fru Øverland spurte meg da hun traff meg på Handelslaget. Og jeg kan huske det var litt høytidelig da de kledde meg opp. Jeg mener Olaug Birkeland var med i «komitéen» for bekledningen. Fru Øverland var ei koselig dame.  

Ester Pettersen var brur i 1965 med Leif Inge Saua som brudgom. Ho skriv: For min del trur eg nok det nesten er den hendinga som står sterkast av alt eg kan hugse av positive opplevingar frå barndommen i Saudasjøen. Eg hadde langt hår og hadde eit hemmeleg håp om at dei ville velje meg. Då det blei meg, var eg overjordisk lukkeleg og følte meg som ei prinsesse. Litt flaut å tenke på at eg måtte holde Leif Inge i handa, men la gå. Følelsen av å bli valt var sterkare, så eg ville gjennomføre, sjølv om eg var veldig engsteleg. Mor laga ein brudebukett av ulike blomar og batt på små sløyfer med småbukettar som hang ned frå den store buketten. Å stå i vindauga til fru Øverland og sjå folk samle seg for å vente på at eg skulle komme ut på trappa slik at toget kunne starte og gå rundt Hovland og ned til Campingplassen, det var utruleg spennande!! Å få beundrande kommentar og blikk frå alle på min alder og mange vaksne: topp!!! Og å bli fotografert av turistar og folk eg ikkje kjende….Ei ære… Eg har altså fått vore prinsesse for ein dag (ettermiddag) og kjensla eg hadde, var vidunderleg.  

Ho skriv også om at ho forstod at ho hadde vore heldig, at dette gjorde noko for sjølvkjensla, og at det har hatt verdi også seinare i livet. Det er interessante observasjonar. 

Elise Vigeland var brur i 1970, saman med Torbjørn Østrem. Ho skriv: Det var fjerde klasse. Jeg mener det var Risvoll skole som valgte hvem som skulle være brud og brudgom. Fru Øverland kledde oss opp. Jeg husker jeg var ute hos henne og prøvde utstyret på forhånd og måtte plukke blomsterbuketten selv.  

Kjell Vidar Hovland skriv: Eli Lindland var brud sammen med meg. Jeg mener det var i 1973. Vi er 1962-modeller. Gunnar Rafdal var kusk, og skyssvogn og hest var fra Flatabakka, eid av Gunnar. Vi ble kledd hos fru Øverland – der Paul Arne Bergsbakk har hus i dag. Bål og samling var på anlegget, der det var fotballbane. Jeg husker det egentlig var flaut.  

Som før nemnt, alle vart ikkje brur, men har – som eg – gode minne likevel! 

Anne Irene Saua skriv: Eg hugsar godt desse Sankt Hans kveldane. Me la sjelå i å plukke fine bukettar for å vera med i følgje. Borghild Øverland dressa opp jentene, og det var ikkje overlate til tilfeldigheitene. Me andre stod spente og venta nede på vegen. Etter turen rundt Hovland var det samling på campingplassen. Eg hugsar at det ikkje var kjekt å måtta gå heim og legga seg desse kveldane. Det var alltid god stemning og gjerne trekkspelmusikk. Fleire gonger fór eg også ned neste morgon og grilla pølser – det var framleis masse glør. Brannforskriftene var nok litt meir lempelege då. Det er flotte og gode minne uansett.  

Erling Hoftun kommenterer Anne Irene sine refleksjonar slik: Nei, det va’ ikkje kjekt å måtta gå heim å legga seg «alt for tidligt». Fantastiske minne frå Sjøen  

Og, Erling Hoftun sin kommentar: «Fantastisk minner frå Sjøen» oppsummerer svært godt tilbakemeldingane eg har fått. Eg vil retta ei stor takk til alle som har leita i bilete og tatt seg tid til å skriva nokre ord på FB eller Messenger. Tusen takk til kvar og ein! Dersom nokon vil fylla ut «hola» i oversikten eller koma med fleire opplysningar, eigne minne eller bilete, kan de gjerne kontakta meg på Facebook eller Messenger.  

Og, om det vert så alt for seint, håpar eg denne artikkelen også kan fungera som ei takk til alle dei som arbeidde for å laga desse St. Hans-feiringane. Mest av alt går difor takken og tanken til Borghild Øverland. 

En kommentar om “St. Hans i Saudasjøen – eit kjært barndomsminne

  1. Kjekt å se lese og se bildene og gode minner. Jeg husker flere St.Hans feiringer i Saudasjøen som ferierende på besøk hos mormor og bestefar Magla og Lars Tveitane. Vi kom fra Kolbotn over fjellet St.Hans og ett år var det så mye snø jeg tror brøytekantene var 10 meter høye.

Kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..