Utdrag frå det første årsskriftet:
Det var den kommunale kulturminnenemnda som tok initiativet til å skipa eit kulturhistorisk lag i Sauda. Det vart halde eit ope møte våren 1978. På dette møtet vart Aslaug Astad, Arnulv Honerød og Lars Viland oppmoda om å arbeida vidare med saka. Skipingsmøtet vart halde i Saudasjøen kapell 31. januar 1979. På møtet vart Lars Viland vald til formann, og det vart elles valt følgjande styre: Aslaug Astad, Kolfinn Fløgstad, Astrid Fløgstad Knutsen, Bjørg Oftedal og Ingvald Paulsen. Bergljot Waage-Pettersen vart vald til første vara kvinne og Audun Aabø til andre varamann. På det første ordinære styremøtet vart Ingvald Paulsen vald til vara-formann, Bjørg Oftedal til kasserar og Aslaug Astad til sekretær. Styret sette fram forslag om at laget den første tida skulle konsentrera seg om tre hovudoppgåver, innsamling av stad-namn, innsamling av folkeminne og livsminne og registrering, og eventuelt innsamling av gamle bilete. Innsamlinga av stadnamn var kome langt før sogelaget vart skipa, og ein kan vel nå seia at arbeidet på det næraste er fullført. Sauda Fotoklubb hadde på si side kome godt i gong med registrering og avfotografering av gamle bilete. Sauda Fotoklubb og Sauda Sogelag samarbeidar nå om dette prosjektet, og biletheftet «Glimt frå gamle Sauda II» er det første synlege resultat av dette samarbeidet. Tidlegare er det samla inn ikkje så lite folkeminne frå Sauda. Når det gjeld livsminne derimot, er det gjort heller lite, og her har då sogelaget ei viktig oppgåve i dei næraste åra.
I vedtektene til sogelaget heiter det mellom anna at laget skal arbeida for å verna materielle kulturverde og kulturmerke i Sauda. Alt på skipingsmøtet for laget vart Åbøbyen nemnd som eit prosjekt sogelaget burde interessera seg for. Middelalderkyrkjegarden i Saudasjøen vart også tidleg tatt opp på møtene. Sauda Sogelag sende eit skriv til formannskapet, der ein peika på at kommunen burde forhandla med eigarane om overtaking av heile kyrkjehaugen og opparbeida området på ein måte som ville gi kyrkjegarden ei verdig råme. I den korte tida sogelaget har vore til, er det kome inn til laget mange forslag om vern av materielle kulturminne. I det siste er plasset Nedbøen omtala i bladet «Ryfylke» med oppmoding til sogelaget og kulturminnenemnda om å berga husa på plasset. Sauda Sogelag set stor pris på at folk ringjer eller skriv til laget om ting det er verdt å ta vare på. Men det er også viktig at det vert skrive om det i pressa, som det vart gjort når det galdt Nedbøen, slik at dei som styrer bygda vår, får påminning om at vernetanken er utbreidd også utafor sogelaget. Sauda Sogelag vil koma med forslag, og i visse høve kanskje gjera ein innsats ved dugnad. Men når det gjeld flytting eller restaurering av gamle hus, er det først og fremst tale om pengar. Nå kan ein nok få stønad frå kjelder utafor bygda, men det er kommunestyret ein i første rekkje må setja lit til. 1 1970 åra lukkast det å sikra Tveit-tunet og Fagerheims-samlinga for bygda. Det er grunn til ein viss optimisme også når det gjeld åttiåra. Vernetanken står sterkare i dag enn tidlegare, og det er von om at det vil visa att, også når det er tale om kommunal prioritering.