Årsskrift 2022 er klart for sal!

Då er årsskriftet for 2022 ferdig trykka og klart for sal!

Boka kan bestillast her eller kjøpast i adventsbokhandelen vår.

Om årsskriftet 2022

I august i år hadde avisene overskrifter om streik ved smelteverket i Sauda – same året som me kan markera at det er seksti år sidan streiken i 1962. Streiken i år tok slutt etter ti dagar, medan konflikten varte heile tre månadar i 1962. To tekstar, ein av Ernst Drange og ein av Bjørn Bjørnsen, tek føre seg den langvarige streiken og korleis han påverka sauda­samfunnet.

Me har meir å by på frå sekstitalet: Svein Helgesen og Vigdis Lian fortel om erfaringane sine frå skulegangen i Sauda. Den tidlegare ungdomsskulelæraren Roar Lund skriv om ungdomsskulen som kom i Sauda i 1964.

Idrett er også tema i to artiklar om tur­ og konkurranse­ løp. Kåre Rød fokuserer på ulike former for langløp, medan Wenche Pleym skriv om Grete Waitz­løpet – populært kalla «verdas største jentefest». Pleym skriv også om bridge, ein annan fritidsaktivitet der mange kvinner var aktive.

Ingeborg Bakka og Liv Øygard mimrar frå ungdoms­ åra sine – Ingeborg om oppveksten på Fløgstad tidleg i førre hundreåret, medan Liv fortel frå kvardagen som tilsett i butikken til Vetti på Øyra.

Aslaug Tøresdal deler også eit barndomsminne – frå 1915. Ho skildrar eit møte med «den nye tida» og industrialiseringa av Sauda. Det gjer også journalisten som avisa Stavangeren sende inn fjorden i 1916. I to artiklar kan ein lesa om den nye industribyen som reiser seg inst i Ryfylke. Den kjende fotografen Anders Beer Wilse kom også til Sauda på denne tida og fleire gonger seinare. Han dokumenterte vegbygging og industrireising, men også den flotte naturen i Sauda.

Olav Veka kjem med sine to tekstar med eit anna per­spektiv på naturen. Han reflekterer rundt «besynder­ lege» stadnamn. Kva tyder «Skaulen» – og skal ein skriva det slik, eller er «Skaudl» meir rett?
Me har også med to tekstar om Jakob Martinus Remseth. Han var ordførar i Sauda før og etter krigen og dessutan stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Krigen er elles tema i to interessante artiklar. Ivar Leveraas skriv om sjukehjelpskassa til arbeidarane ved Nordag­anlegget i Saudasjøen. I tillegg har me fått trykt utdrag av breva direktør ved smelteverket, John Thomas Fearnley Oxaal, sende heim frå tysk fangenskap. Oxaal døydde av svolt og mishandling i Sachsenhausen sommaren 1942, for åtti år sidan.

– Skriftstyret 2022 –