Hustveit i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag medlemmane i laget til det årlege vårmøtet. Ferda går denne gongen til Hustveit og til Jonegarden, der historia bokstaveleg talt, sit i veggane. Då den siste brukaren, 93 år gamle Jone, flytta ut i 1983, hadde garden vore i same slekta sidan 1604. Jone var ein av ni sysken – ingen av dei hadde arvingar. Det blei sagt om Jone at han levde og dreiv garden slik dei gjorde på 1800-talet. Så då staten, ved Fylkesmannen i Rogaland, kjøpte garden i 1987 og overlét han til Ryfylkemuseet, kunne museet byggje vidare på arven frå Jone-slekta. Og det har museumsfolka verkeleg gjort. Dei som kjem til Hustveit tysdag, får vitje våningshuset, dei får omvising i løa – som også vil vere ei naudhamn for møtelyden om veret slår seg vrangt. Og dei som vil, kan ta den korte spaserturen bort til Kvednafossen.

Det er Ole Johan Ilstad frå nabogarden rett over kommunegrensa som skal fortelje om livet på Jonegarden, om gardshistoria og sikkert også om kulturlandskapet kring gardshusa. Innmarka er frodig, allsidig og fin i desse varme og fine førsommardagane. Også den må vere av historisk interesse – enga har aldri kjend smaken av kunstgjødsel.

Dei som ikkje vil køyre heilt fram til Hustveit, kan gå den gamle stien frå ein annan nabogard, Honganvik og til Hustveit. Dei som vel å gå, må møte klokka 1530 ved Honganvik og ta turen oppover bakkane saman med dei to lokalkjende, Olafr Jakobsson og Ove Løland.

Ta med stol, kaffitermos og noko godt å bite i, sjølv om vi også byr på både ei kulinarisk overrasking og kulturinnslag.

Ver velkomne til medlemsmøte på Hustveit.

Praktisk info

  • Frammøte ved parkeringsplassen på Hustveit. Viss dårleg ver, blir møtet i løa. Køyr gjerne fleire i same bil. Dei som treng skyss, kan kontakte Aslaug Astad, telefon 948 22 022.
  • Dei som vil gå stien frå Honganvik til Hustveit, kan møte ved Honganvik kl 1530. Turleiar Olafr Jakobsson.
  • Ta med stol, mat og drikke. Musikk og kulinarisk overrasking.
  • Møtet er berre for medlemmer. Vel møtt.
  • Gratis entre.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 28. mai
  • Tidspunkt: kl 17:00. Frammøte ved parkeringsplassen på Hustveit.
  • Stad: Hustveit