Om kraftproduksjon og datasenter i sogelaget – 13. oktober

Tysdag 13. oktober inviterer Sauda sogelag igjen til ope møte i Folkets Hus. Vi har gjort ei programendring. Framsyninga av filmen «Streik!» er gått ut. På kort varsel har Asbjørn Birkeland sagt seg villig til å stille opp. «Frå kraftstasjon til datasenter i Hellandsbygd» har han kalla kåseriet sitt. Han må vel vere den rette til å trekke trådar frå då industrireisinga i Sauda var i si spede byrjing, fram til då han sjølv i åtte år, frå 2015 til 2023 var ordførar i kommunen og til han no er såkalla «site manager» ved datasenteret i Hellandsbygd. For dei som måtte stusse: «site manager» betyr sjef, rett og slett.

Og datasenteret, ja det finn vi i den kraftig ombygde Stasjon I som stod klar i 1919 til å produsere den straumen som EFP måtte trenge for å få fart på mangansmeltinga. Kraftstasjonen heldt det gåande mest hundre år, då han blei stengd ned i 2008.

Både hedlingane og folk elles i kommune tenkte «kva no?». Og svaret fekk dei alle tretten år seinare, då italienskeigde Terakraft rykka inn i dei gamle produksjonslokala. Det var nok mange som stussa då dei høyrde at gamle Stasjon I no skulle produsere bitcoin. Det blei det ikkje noko av. Kva som blir produsert no, det veit Asbjørn alt om.

Lokalhistorie har lenge vore ei viktig interesse for Asbjørn Birkeland. Han er for tida leiar i Sauda Lokalarkiv, der dei har mykje historisk materiale, ikkje mist bilete frå kraftproduksjonen i kommunen. Så har han også brei kunnskap om dei politiske prosessane før «den nye tid» sleppte til i Hellandsbygd. Det er også grunn til å tru at han vil gje møtelyden eit innblikk i planane framover.

Om framtida er til vanleg mykje usikkert. Om sogelagsmøta er det meste sikkert; det blir allsong, pausemat og drøs – det garanterer vi.

Billettar får de berre kjøpt på nettet (sauda.kultur.no) og på biblioteket. Ver velkomne.

– Roar Lund


  • Dato: Tysdag 13. oktober 2026
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen
  • Sogelagsmat. Entre: 150 kr. Billettsal berre på nett (saudakultur.no) eller på biblioteket.

Industrikulturen i sogelaget

Endeleg er sogelaget i gang med haustsesongen. Tysdag inviterer vi til eit møte i Folkets Hus om det som alltid har vore viktig for Sauda sogelag: Kulturarven vår – i vid forstand.

«Kulturarv i fare» har Kulturvernforbundet i Noreg valt som tema for kulturverndagane dette året. Forbundet stiller spørsmål ved korleis vi vernar kulturarven for framtidige generasjonar, og kva kan vi saman gjere for å føre denne arven vidare.

Sogelaget vil rette søkjelyset mot vårt lokale særpreg dei siste hundre åra – industrikulturen og har sett som overskrift «Industrikulturen, verd å ta vare på?». Svaret gir seg på mange måtar sjølv. Meir spanande blir det vel når vi spør «Kva skal vi verne og korleis kan vi gjere det?»

Det er sandsbuen og tidlegare direktør ved Ryfylkemuseet, Roy Høibo, som skal freiste å svare på desse spørsmåla. I 2017 la han, på bestilling frå Sauda kommune fram eit forslag til kulturminneplan for Sauda kommune, eit 200 siders kompendium, «Kraftkultur og kulturkraft». Høibo kjenner både livet og kulturen som er knytt til saudahistoria. Og han veit korleis «ein gamal stor fabrikk», kraftstasjonar til fjells og ved fjorden og ikkje minst «Amerikanarbyen» på Åbøflatene saman har skapt ein kultur verd å ta vare på.

Så blir det ekstra spanande å høyre kva informasjonsdirektøren hos Eramet, Kåre Bjarte Bjelland og direktøren hos Saudefaldene, Eirik Daniel Fatnes meiner det er viktig å verne, og korleis dei vil gjere det. Dei er begge inviterte til å fremje sine synspunkt denne kvelden.

Tid for sogelagsmat, drøs og allsong blir også som vanleg sett av tid til. Ver velkomne til det første møtet i sogelaget etter sommarferien.

– Roar Lund


  • Dato: Tysdag 8. september 2026
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen
  • Sogelagsmat. Entre: 150 kr. Billettsal berre på nett (saudakultur.no) eller på biblioteket.

Historia om Maldal i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag medlemmane i laget til det årlege vårmøtet. Ferda går denne gongen til garden Mjelkestølen i Maldal. Det er Vegard Mjelkestøl, tidlegare kjend som Vegard Birkeland Rød, som no driv garden.

Mjelkestølen er eit av dei tre bruka i Maldal. Garden er faktisk det høgstliggande av alle gardane i Sauda, heile 420 meter over havet, ifølgje bygdebokforfattaren Arnvid Lillehammer. Men det er ingen kunst å kome seg heilt fram til garden. Han ligg like ved den øvste parkeringsplassen i Maldal.

Vegard vaks opp på Andersengja i Sauda, men i 2002 kjøpte han Mjelkestølen av bestefar Sigurd Birkeland, og frå 2004 har han budd og drifta fjellgarden med kyr, sauar og hestar. Vegard kjenner historia til alle dei tre Maldals-gardane, og den historia har han lova å dele med oss. Det er det god grunn til å sjå fram til.

Ta med stol, kaffitermos og noko godt å bite i. Og skulle vêrgudane svikte oss, er vi alle inviterte til å kome inn i den romslege verkstadhallen på garden.

Ver velkomne til medlemsmøte i Mjelkestølen tysdag 2. juni.

– Roar Lund


  • Dato: Tysdag 2. juni 2026
  • Tidspunkt: kl 1700
  • Stad: Maldal 217, Sauda. Lenk til kart her.

Avisa Ryfylke i sogelaget

Første utgåve av avisa Ryfylke.

Tysdag er lokalavisa vår tema på sogelagsmøtet i Folkets Hus. Om ein liten månad er det hundre år sidan «Ryfylke. Avisa for Indre Ryfylke» kom ut for første gong. I det høvet har Lars Olav Fatland tatt på seg oppgåva med å skrive hundreårssoga til avisa. Den har han kalla «Skrivne ord set spor».

Saudabuen kunne lese førsteutgåva av Ryfylke 5. juni 1926. Juni 2026 blir jubileumsmånaden markert med «ope hus» i redaksjonslokala, medan jubileumsboka i følgje redaktøren i avisa, Ingvil Bakka, kjem ut «utpå hausten ein gong».

Difor er dei privilegerte dei som kjem på sogelagsmøtet denne gongen, for dei vil alt no få eit innblikk i den lokale avishistoria, slik Lars Olav ser ho, og slik han har skrive ho.

Så er Lars Olav ein så erfaren sogelagsmann at han veit han skal dele foredraget sitt i to, sånn omtrent på midten, slik at det blir tid til både sogelagsmat og drøs. Og som vanleg blir møtekvelden innringa av glad allsong, sikkert nokre vårsongar denne gongen.

Så må det enda ein gong presiserast: Billettsal berre på saudakultur.no og på biblioteket.

Ver velkomne til  siste opne sogelagsmøtet denne våren..

– Roar Lund


  • Dato: Tysdag 12. mai 2026
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen
  • Sogelagsmat. Entre: 150 kr. Billettsal på biblioteket og på saudakultur.no