Tysdag 19. november byr Sauda sogelag på ein skikkeleg lokal musikalsk historietime. Frå scena i Storesalen på Folkets Hus presenterer Sigmund Andersen og Oskar Waage-Pettersen «Saudasoga i ord og tonar». Dei har fått med seg litt av eit lokalt musikalsk stjernelag i Lillian og Sindre Nordengen, Lena Haugland, Ben Basgård og Oddwar Wiersen.
Vi prøver å trekke fram i ord og tonar frå milepelar i saudahistoria som lokale forfattarar har skrive om, og som lokale komponistar har sett tonar til, fortel Sigmund Andersen.
Sigmund og Oskar har hatt eit rikt tilfang av dikt, songtekstar og melodiar å velje mellom når dei har sett saman programmet for kvelden. Sjølv er Sigmund på fornamn med alle og nemner i slengen både Kjartan, Bjørn og Arthur blant diktarane og Oskar, Odd Bjarne og Eli Jorunn mellom dei som har skrive melodiane. Og er nokon utegløymt i førehandsomtalen, så skal ikkje Sigmund ha skulda for det.
Dette blir siste sogelagsmøte i haust, og da er det også eit høve til å presentere årsskriftet for 2024. Det tar skriftstyraren seg av. Når det heile er over, kan dei som ønsker det, få kjøpt den rykande ferske utgåva av årsskriftet vårt.
Denne gongen er det berre førehandssal av billettar på biblioteket og på saudakultur.no
– Roar Lund
- Dato: Tysdag 19. november
- Tidspunkt: kl 19:00
- Stad: Folkets Hus
- Presentasjon og sal av Årsskrift for Sauda sogelag 2024.
- Sal av billettar til 200 kr på biblioteket og på Saudakultur.no
- Nærare informasjon om møtet i Ryfylke 14. november.