Når Arbeidernes historielag i Rogaland gir ut bok, er vi sikra kvalitet, det veit vi av erfaring. Og vi blir ikkje skuffa denne gongen heller.
I år har boka fått tittelen «Krig og fascisme» med undertittel Arbeiderbevegelsen i Rogaland under krise og okkupasjon 1920-1950.
Redaktøren for boka, historikaren Jan Magne Arntsen, har fått med seg åtte andre bidragsytarar, der alle namna borgar for kvalitet for oss som er opptatt av lokalhistorie.
Redaktøren sjølv skriv om haldningskampen i Stavanger mot fascismen før, under og etter krigen. Han skildrar også den ideologiske og politiske striden mellom dei framtredande sosialdemokratiske politikarane og kommunistane i byen. Det er ei spanande historie om personlege val, mistenkeleggjering og partibyte i etterkrigstida.
Eg vil også nemne artikkelen til Hallvard Tjelmeland. Faren hans, Halvor Tjelmeland levde dei første barneåra med foreldra og åtte søsken på eit småbruk på Finnøy til familieheimen måtte seljast på auksjon og familien flytta til Stavanger. Halvor knytte seg til det store og livskraftige kommunistmiljøet i Stavanger i 1939. Han var skuleflink og fekk seg lærarutdanning. På lærarskulen blei han kjærast med trønderjenta Marit Nesset.
Artikkelen er eit bidrag til diskusjonen om NKP si rolle under krigen, særleg korleis partiet stilte seg i tida mellom inngåinga av ikkje-åtaksavtalen mellom Sovjetunionen og Tyskland 23. august 1939 til det tyske åtaket på Sovjetunionen 22. juni 1941, og korleis analysen av krigsutviklinga etter det var. Dette er eit omdiskutert og kontroversielt tema.
Det som gjer Hallvard Tjelmeland sin artikkel så spesiell, og til tider rørande, er at den byggjer på brevvekslinga mellom foreldra då dei budde langt frå kvarandre i krigsåra. Breva er tatt vare på og er det vi gjerne kallar for ei primærkjelde.
Det høyrer også med til historia at Halvor blei med i den såkalla Tjemslandgruppa som blei rulla opp av Gestapo i 1943. Av dei130 som vart arrestert, blei 13 tiltalt og stilt for SS- und Polizeigericht Nord i mars 1944. Ni blei dømd til døden og avretta på Trandum. Dei fire øvrige, blant dei Halvor Tjelmeland, vart dømt til tukthusstraff og havna i konsentrasjonsleir i Tyskland.
Det meste av innhaldet i boka omhandlar sosialistmiljøa i Stavanger og Haugesund. Men i Gunnar Roalkvam sin artikkel «Idrett og klassekamp» er det blitt plass til nokre linjer om Sauda. Temaet i artikkelen er striden mellom dei borgarlege idrettsforeiningane og arbeidaridrettsforeiningane. I Sauda blei det riktig dramatisk i 1933 då Sauda arbeideridrettslag (SAIL) ville ha tilgang til idrettsbanen i bygda og både Sauda idrettslag og leiinga ved EFP sa nei til det. Då blei det både rabalder og slåsskamp på banen. Kjelde her er Torgeir Vetti sin artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag i 1988.
Det er også tankevekkande å lese juristen Per Quale sin kritiske artikkel om rettsoppgjeret etter krigen, der han i overskrifta spør om det var «Likhet for loven i landssvikoppgjøret».
Ikkje noko å pirke på i årets bok? Jo, et par ting vil eg nemne. Korrekturlesarane har vore for unøyaktige i nokre av artiklane, det er det eine. Det andre er at det ville gjort seg med ein innleiande og avklarande artikkel om kva fascisme og nazisme eigentleg er. Riktig nok kjenner dei fleste av oss lusa på gangen, når vi ser ho, det er det viktigaste. Men vi ser også altfor ofte at omgrepa bli brukte som skjellsord, også på parti og styresett vi ikkje likar, men som neppe fortener det. Her er Putin sin retorikk mot Volodymyr Zelenskyj og leiinga i Kyiv eit aktuelt og levande eksempel.
Så skal det også nemnast at det er Jan Ole Rød som er styreleiar i Arbeidernes historielag i Rogaland. Han har også vore med i redaksjonen for boka.
– Roar Lund
I Sauda vil boka vere til sals i adventsbokhandelen vår.