Hugsa du å be kveldsbøna i går kveld før du la hovudet på puta? Kanskje har kveldsbøna di gått i den store gløymeboka, der det ligg så mykje anna gamalt frå før. Folkeminne er gjerne omtalt som noko som mest alle har gløymt, men som nokre få av oss gjerne står på for å hente fram igjen. Slik vil minna vere til glede også for nye generasjonar.
Då pandemien slo inn over landet hausten 2020, ramma han det meste av sosiale aktivitetar andlet til andlet. Men på nettet var det framleis mogleg å «møtast» og kommunisere. Den opninga nytta Guri L. Ravatn seg av. Og det har det blitt ei vakker lita bok av.

Guri, med jentenamnet Rolfsen, er fødd og oppvaksen i Sauda og bur no i Ølen. I boka, som kom ut tidlegare i år, skriv ho at ho kom til å tenke på si barndoms kveldsbøn, som mor og mormor hennar las for henne. Dette kombinert med at ho alltid har hatt interesse for folkeminne, gjorde at ho såg at det kunne vere verdfullt å få samla inn nett slike minne.
Så Ravatn gav seg i kast med å grave fram kveldsbøner og kveldssongar frå minna til folk på Haugalandet, i Sunnhordland og i Ryfylke. Ho fekk inn om lag 50 ulike kveldsbøner og kveldssongar. Så har ho formidla det ho fekk inn vidare med føredrag, mellom anna på Betel i Sauda og i ein interessant artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag i 2023, «Nu lukker seg mitt øye». Boka har ho kalla «Nu solen går ned» og er rikt og vakkert illustrert av Dorota Cieslar.
I boka har forfattaren gitt plass til kommentarar frå informantane. Det er tydeleg at dei langt fleste minnest at det var mor eller bestemor som sette seg ned på sengekanten hos den litle, såg til at han eller ho knepte hendene fint oppå dyna før dei takka Gud for dagen. Dei som har slike barndomsminne vil sikkert finne «si bøn» i boka. Eg fann mi, og endra litt på ho her, slik at ho passar til akkurat mitt minne, med mi mor eller bestemor på sengekanten ein gong tidleg på 1950-talet:
NU LUKKER JEG MITT ØYE
Nu lukker jeg mitt øye,
Gud Fader i det høye
I varetekt meg ta.
Frå synd og sorg og fare
Guds engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.
– Roar Lund
I Sauda vil boka vere til sals i adventsbokhandelen vår.