Tysdag 25. februar inviterer Sauda sogelag til årets første sogelagsmøte, denne gongen i Eldresenteret. To tema står på plakaten. Sigfred Tårland vil fortelje om bestefaren Sverre Tårland, og så blir årsmøtet i sogelaget avvikla.
Sverre Tårland var fødd i Stavanger då eit nytt hundreår såg dagsens lys, og meir lys og røyk fekk han sikkert sjå då han kom til Sauda og EFP i 1923. Det var det året varmen vart sett på i smelteomnane på Klubben. Han fekk jobb på smelteverket, stifta familie og blei buande i bygda til han døydde i 1987. Vi skal ikkje nemne så mykje om Sverre Tårland her, berre ta med at han også jobba som agent her inne i mange år. Var han «hemmeleg agent» då? Om det og mykje anna om bestefaren vil barnebarnet Sigfred røpe tysdag.
Og når Sigfred er vel ferdig med sitt, blir det tid til informasjon om den planlagde medlemsturen 3. til 4. juni til Vestnorsk utvandrarsenter på Radøy. Påmeldingsfristen er kort. Alt 1. mars må vi vete kven som blir med på ferda. Det er meir informasjon å finne på heimesida vår, sauda-sogelag.no
Som vanleg på sogelagsmøta, blir det også denne gongen allsong og sogelagsmat. Og deretter er det tid for årsmøte for medlemmane. Då får vi ei oppsummering av sogelagsåret vi nett har lagt bak oss. Og så blir planane for møte og aktivitetar i 2025 presentert.
Årsmøta i sogelaget er til vanleg greitt avvikla. Valkomiteen har gjort jobben, og dei har fått ja frå alle dei har spurd.
Ver velkomne til sogelagsmøte i Eldresenteret.
– Roar Lund
- Dato: Tysdag 25. februar 2025
- Tidspunkt: kl 19:00
- Stad: Eldresenteret
Biletet i innlegget er laga av KI.