Om John W. Norheim i sogelaget

Like før krigen kom haugesundaren John W. Norheim til Sauda. Saman med kone og to små jenter kom han køyrande på Dollarvegen i T-Forden sin med handelsbrevet i lomma. Her slo den litle familien seg ned, og her skulle Norheim-namnet feste seg hos saudabuen. Først opna forretningsgründeren Norheim butikk i eit lite innsmett i Seim-huset i Rådhusgata, så flytta han nokre år seinare over til Skulegata og Fløgstad-huset der, før han i 1970 etablerte seg i Rydningenhuset.

I «standardverket» om «Tre gater på Øyra» av Torgeir Vetti og Lars Viland  (Årsskrift for Sauda sogelag 1999) heiter det at J. W. Norheim ominnreier heile første etasje i den nye butikken. Dei små lokala vert borte, og i staden vert heile denne høgda eit samanhengande stort lokale. Dermed var det slutt på det omflakkande tilværet innanfor «Øyratriangelet» for Norheim og familiens manufakturutsal.

Så skal vi ikkje røpe meir her om John W. Norheim. For dei som kjem til sogelagsmøtet på Eldresenteret tysdag skal få høyre resten av historia. Den skal Terje Haraldsen fortelje. Han var onkelungen til Norheim og vaks opp i heimen til Norheim og kona saman med dei to døtrene deira. Og hos Norheims manufaktur hadde Terje dei første småjobbane sine.

Så blir det som vanleg på sogelagsmøta tid for venleg drøs både før møtet og i pausen. Og naturlegvis blir det allsong denne gongen også. Alle er hjarteleg velkomne..

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 18. mars 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret