Jubileumsmøte på Sauda Fjordhotell

Torsdag i neste veke inviterer Sauda sogelag til jubileumsmøte på Sauda Fjordhotell. Då er det på dagen førti år sidan laget blei stifta. 31. januar i 1979 heldt Arnvid Lillehammer foredrag om mellomalderkyrkjegarden og stavkyrkja i Ytrabygda. Han sa at kyrkjegarden der var Sauda sitt viktigaste kulturminne. Skipingsmøtet fann stad i kapellet i Saudasjøen.

Og no kjem Arnvid Lillehammer nok ein gong til sogelaget og Ytrabygda, denne gongen til fjordhotellet. «Sju kvinneportrett – 300 års bygdehistorie» har han sett som overskrift denne gongen. Ingen saudabu kan meir om lokalhistoria vår enn Arnvid, det er udiskutabelt, og vi gler oss til å høyre kva han har på hjartet.

Så blir det litt underhaldning og allsong, men ikkje sogelagsmat denne gongen, for no blir det servert «fjordhotellmat». Så her er det mykje å glede seg til.

Møtet denne gongen er berre for medlemmane i det jubilerande Sauda sogelag. Ver velkomne.


Dato: Torsdag 31. januar
Tid: Kl 19:00
Stad: Sauda Fjordhotell

Berre for medlemmar

Fri adgang


Påmelding

Innan fredag 25. januar på telefon eller sms til Aslaug eller Liv Kari:

  • Aslaug Astad, mobil 948 22 022
  • Liv Kari Solli, mobil 902 36 009

eventuelt på e-post til sauda.sogelag@gmail.com.

Julegåvetips

Her er nokre tips til flotte julegåver.

Klikk på lenkene under for meir informasjon om produkta:


Kjøp/bestill julegåver

Bøkene kan kjøpast på Sauda Libris, eller ved å fylla ut skjema på lenkene over.

Du kan òg ta kontakt med sogelaget på epost sauda.sogelag@gmail.com for å bestilla gradestokk og årsskrift.

Ætt og heim

Årboka til Rogaland historielag er nå i sal! Tema i år er «Kvinneliv i Rogaland». Lars Olav Fatland og Arnvid Lillehammer er mellom dei som har bidratt med artiklar til boka. Boka kan kjøpast her.

Kvinnene du kan lesa om er Inger Jakobsdotter Søndenå, Dorothea Rabbe, Constance Lothe, Magnhild Meltveit Kleppa, Aasa Helgesen, Elisabeth Edland, Frida Hansen, Sara Berge, Emma Nielsen-Øgreid, Julie Ege og Magnhild Myhre.

I tillegg er det artiklar om kongsgarden på Avaldsnes, finnøyguten som blei lensmann i Dalane, og trekunstnaren fra Sauda, Ola Fagerheim.

Omtale i Ryfylke