I år er det 200 år sidan sluppen Restauration la ut frå kaien i Stavanger med 52 rogalendingar om bord. Dei var dei første som utvandra frå Norge til Amerika. Det er eit jubileum det er vel verd å markere. Så vidt vi veit, skulle det gå 25 år før dei første frå Sauda drog vestover. Frå 1850 og fram mot 1920 forlét over tusen saudabuar gardane kring i kommunen med von om ei betre framtid i Amerika.
Tone Årtun har i mange år interessert seg for Sauda si utvandrarhistorie. Ho har kome fram til namna på dei som drog vestover fram til 1920. Ho veit kva gardar og familiar dei kom frå i heimbygda, når dei var fødd og jamvel når dei døydde. Nokre kom tilbake til heimbygda, helst etter at kraftutbygginga starta kring 1910. Dei veit ho og kven er.
Tone vil gje oss ei innføring i vår lokale utvandrarhistorie med mange interessante opplysningar. Så kan vi by på fleire andre innslag. Eit om amerikabrev, eit om nær familie i USA og eit om amerikanarar som kjem til Sauda for å finne ut av kor forfedrane deira ein gong kom frå.
Naturlegvis blir det også tid til god drøs, sogelagsmat og amerikanskinspirert allsong. Denne gongen blir det berre billettsal på biblioteket eller på saudakultur.no på nettet.
Ver velkomne alle som vil vite meir om utvandringa frå Sauda til Amerika mellom 1850 og 1920.
– Roar Lund
- Tysdag 8. april kl 1900
- Stad: Storesal på Folkets Hus
- Sogelagsmat.
- Entre 150 kr. Førehandssal av billettar berre på saudakultur.no og på biblioteket.