Fleire blå skilt på Øyra

I mai i år sette Sauda sogelag opp blå skilt på fem husveggar på Øyra. Der kan saudabuen og dei mange som gjestar oss, lese om historia til bygget; kven som fekk det bygd, når det blei bygd og gjerne også, viss vi fann det ut, kven som var arkitekten. Bygga som då blei æra, var «Gamle Folkets Hus», Betel, «Den grøne banken», Eik-Neshuset og Saudas første apotek i Rådhusgata.

Tysdag ettermiddag er Sauda sogelag klar med dei fem siste skilta. Vi røper ikkje her kva hus som blir æra denne gongen. Det blir avslørt for dei som møter fram på Rådhusplassen klokka 1700 og blir med på ein liten «sentrumsrunde», med passelege stopp for avduking og nokre få ord om hushistoria.

Etterpå spanderer sogelaget kaffi, vaflar og litt underhaldning på Kløver. Då blir det og tid for ein liten lokalhistorisk drøs.

Det er Sparebankstiftelsen i Sauda som har løyvt pengane til dette prosjektet, og det er Sauda sogelag særs takknemleg for.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 4. oktober
  • Tidspunkt: kl 17:00
  • Stad: Rådhusplassen

Fløgstad i sogelaget

Tysdag er Fløgstad temaet når sogelaget inviterer til ope møte i Folkets Hus. Nei, det skal ikkje handle om forfattaren Kjartan denne gongen. No er det historia om Fløgstadgarden, med dei mange frådelte bruka det gjeld, og om folka som budde der. Det er ei historie som strekkjer seg mange hundreår tilbake og heilt inn i vår tid.

No er det Arnvid Lillehammer som best kan greie ut om den gamle historia til det han kallar «Den mangbølte garden Fløgstad», det som på 1500-talet var ein gard. Då den store frådelingsprosessen var over kring 1900, kunne ein telje kring 20 gardsbruk i bakkane ovafor Øyra. Derfrå strøymde det ut slekter med Fløgstad som etternamn.

Arnvid Lillehammer har sjølv spede røter på Fløgstad. Oldefaren dreiv eit lite småbruk der ein gong på slutten av attenhundretalet, og Arnvid vaks opp i Kalhagen, også det ein del av Fløgstad.

Åshild Marie Øverland har også familierøter på Fløgstad. Mor hennar, Torunn, vaks opp der på 1930- og 40-talet. Begge foreldra hennar var fødde Fløgstad, vakse opp på to nabogardar. Åshild Marie har «intervjua» henne om oppveksten, og ho seier ho vil freiste å dra dei lange linene frå familien sin bondebakgrunn.

Sogelagmøta er som vanleg  opne for alle interesserte. Ver velkomne til eit sosialt lokalhistoriemøte med enkel servering og tid for ein triveleg pausedrøs.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 27. september
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus

Sogelaget endrar i haustprogrammet

På møteprogrammet for hausten er Fløgstad-garden tema. Møtet var planlagd til tysdag 13. september. No er møtet flytta til 27. september. Dermed er planane om å avduke fem nye «blå skilt» på Øyra utsett til tysdag 5. oktober.

Ver velkomne til sogelagsmøte:

DatoTemaStad
Tysdag
27. september
«Den mangbølte garden Fløgstad» ved Arnvid Lillehammer
«Livet på Fløgstad i vår tid» ved Åshild Marie Øverland
Folkets Hus, Storsalen
Tysdag
5. oktober
«Blå skilt på Øyra». Utfyllande informasjon og program kjem seinare. Øyra

Oppdatert program finn du også her.

Til Røldal med sogelaget

Tur for medlemmar i Sauda sogelag til Røldal tysdag 23. august. Stopp på fjellet der Ståle Lunde fortel om Røldalsvegen og kraftutbygginga i området.

Røldalshistoria og omvising i Røldalskyrkja ved Margit Gjørv. Lunch på Skysstasjonen.

Buss frå drosjehaldeplassen kl 0900. Tilbake i Sauda kl 1700.

Påmelding

Bindande påmelding innan 19. august kl 1900 til Berit Saua eller Kristoffer Nødland, eller ved å fylla ut skjema her.

Betal 400 kr med vipps eller kontant på bussen. Maksimum 40 deltakarar.

Opning av Sneaths park

Det siste året har Sneaths park gått gjennom ein forvandling – frå slitt og falma – til «ny» og flott, mest slik den såg ut då den var heilt ny for rundt hundre år sidan. Det er Åbøbyens venner som står bak prosjektet. Laurdag 4. juni kl 11 blir det opning av den nyrestaurerte parken.

Program

Innlegg:
Kirsten Hellerdal Fosstveit
Bannergruppa
Kulturelle innslag:
Sauda Revy- og teaterlag
Sauda Kulturskule
Sauda Trekkspillklubb
Servering av kaffi, kake, juice og is

Ber om at bilen står igjen heime denne dagen. Dersom du må køyra, ver snill og parkér ved Sauda v.g. skule eller Veslefrikk barnehage


For 71 år sidan, den 12. juni 1951, vart det invitert til høgtideleg seremoni i parken. Då skulle ein avduka bysten av Mr. Sneath. Bedriftsavisa Smeltedigelen skreiv om arrangementet.

Artikkelen kan òg lesast i årsskriftet for 2018.